Innsynsrett i offentlege dokument

 

Du har rett til å krevja innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande registra. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan unntakas frå offentlegheit, skal kommunen vurdera om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasert hvis informasjonen kan søkjast opp på ein enkel måte.

Du kan nektas innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ
  • Dokument til/frå kommunens kontrollutvalg, klagenemnd eller kommunal revisjon
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslemyndigheit for saka dokumentet gjeld for


Kriteriar

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelda ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning saker av en bestemt art.
 

Pris

Kommunen kan krevja betalt for utskrifter, kopiar og utsendingar når antallet er over 100 sider i en sak. Då kan det krevjast ei krone per ark utover 100 og betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.
 

Klage

Hvis kravet ditt blir avslege, skal kommunen visa til den bestemmelsen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplysa om klageadgangen og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett hvis du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette regnast da som eit avslag.

Klagen skal avgjerast så snart som mogleg. I tilknyting til klagebehandlinga kan Fylkesmannen også bestemma at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.


Veiledning

Ein offentlig postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på avsendar eller mottakar av dokumenta. Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestilla, kan du krevje innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har også plikt til å hjelpa deg å finna dokument gjennom arkivsystemet.

Behandlingstid

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis samme dag eller innan 1-3 arbeidsdager. Dersom du ikkje har motteke svar innan 5 arbeidsdagar frå kommunen mottok kravet ditt, vert dette rekna som eit avslag.

 

Sist endra 25.04.2016
Fant du det du lette etter?

Kategori

Barn- og ungdom Meddommer
Bustad- og eigedom Miljøretta helsevern
Digital postkasse - konkurranse Næring og landbruk
Helse, omsorg, trygd og sosial Skatter og avgifter
Kontakt oss/høyringsuttale/meld feil Skule- og utdanning
Kultur og fritid Søke stilling
Lønn- og personal Vigsel

Logg inn


Generell informasjon