Flygelkonsert v/ Ingrid Andsnes

torsdag 22. november 2018, 19:00 - 22:00

Informasjon

Ingrid Andsnes, pianist, har vore oppteken av å utforske nye formidlingsmåtar for klassisk musikk. Som solist og kammermusiker har ho fleire år reist på turnear for Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken.

Ingrid Andsnes er fødd 23. februar 1978 på Karmøy i Rogaland. Ho gjekk på musikklinja på Skeisvang videregående skole i Haugesund, mellom anna med broren, Leif Ove, som lærar. Etter videregåande byrja ho på studiar ved Barrat Due Musikkinstitutt i Oslo, med avsluttande eksamen i 2003. Her studerte ho under professor Jiri Hlinka. Ho har og studert under professor Joan Havill ved Guildhall School of Music and Drama i London. der ho fullførte masterstudiet sitt i 2005.

Ingrid Andsnes har vunne fleire internasjonale prisar, mellom dei Janacke-prisen i den internasjonale Rudolf Firkusny-konkurrabseb i Praha i 2003, i tillegg til ein rekkje norske prisar. Ho har fått fleire stipend og legat for utøvinga si, mellom anna frå Klæstads legat, Fegersteens stiftelse, Jansons legat og Statens kunstnarstipend.

 

Pris voksen: 250

Sted

Folkes Hus Nysalen
 

Kontakt

Kulturkontoret
 

Astrid Espeland
Legg til hendelsen i din kalender