Folkehelsekoordinatoren gir deg tips om ein annleis kvardag

Kvardagen i dag er prega av at mange sit heime. Nokre er sjuke og i isolasjon, andre i karantene, og resten tek dei forhåndsreglane myndighetene kjem med om å halda seg mest muleg heime. Dette kan vera ein prøvelse for mange. Derfor bidrar folkehelsekoordinator Aslaug Tangeraas gjerne med tips til korleis ein kan halda seg både fysisk og psykisk i form. - Sjølv i desse koronatider er det viktig å fylla dagane med innhald, vera i fysisk aktivitet og halda hjerne i gang, seier ho. 

- Når du er heime desse dagane gjer du en viktig innsats for både landet og for folkehelsa. Å avgrensa smitte er jobb nummer ein. 

Lag deg en struktur på dagen med gode rutinar

- Det er lurt å stå opp til same tid hvar dag, kle på deg som om du skal på jobb og ha måltider til faste tider er folkehelgekoordinatorens første råd. Jobb når du skulle vore på jobb, ta fri når du skulle hatt fri. - For barna er også dette viktig, la dei jobbe med skulearbeid på dagen, legg inn friminutt og ein god lunsj. Det kan vera lurt å legga opp ein timeplan hvar dag, med gjeremål som skal gjennomførast.

Hald kontakten 

Hald kontakten med venner og familie, lyder råd nummer to. - Men det må jo skje på ein litt annan måte enn til vanleg. Me er heldige som har så mange ulike sosiale medier å vera saman på. Bruk dei. Gjerne ring kvarandre meir enn de pleier, spør korleis det går!

Hald deg aktiv

Fysisk aktivitet og bruk av hjernen bør vera ein stor del i kvardagen. Det er minst like viktig nå som elles. Her er folkehelsekoordinatoren sine tips til ting du kan gjera når du er frisk, er i karantene og isolasjon. 

- Er du frisk og ikkje i karantene er det lurt å vera ute i frisk luft. Ta deg en gåtur eller joggetur ute, gjerne over 1 time. Hald minst 1-2 meter avstand til folk du møter. Styrketrening utandørs er også ein fin aktivitet, ta med flasker med vatn i sekken, så har du vekter. Kva med å ta frem dei gamle rulleskøytene? Eller ta ein sparkesykkel- eller sykkeltur med heile familien? Det er også mange leker ein kan finna på med familien -  hageleker som kubbespel og boccia, tegne opp paradis eller hoppa strikk. Er de i skogen kan de laga barkbåtar eller pil og bue. Det finns også mange forslag på internett, for eksempel turbingo og aktivitetsbingo. 

Også du som sit i karantene bør halde deg fysisk aktiv. Hagearbeid, korte og intensive intervallar rundt huset, styrketrening inne (her er det mange gode videoer ein kan følga på nettet). - En kortstokk kan også  brukast til aktiviteter, sier Aslaug og forklarer: - Dei ulike symbola kan stå for ulike aktivitetar (t.d. kan hjerter vera knebøy og ruter vera løp opp og ned trappene, talet på kortet seier noko om kor mange repetisjonar). 
- Og så kan du bruka youtube til å læra nye ting, som dans og tegning. Aktivitetar som er litt rolegere kan vera å laga quiz til familien eller venner, her er kahoot eit fint verktøy. Lag gode måltider saman. Ta fram brettspel og puslespel, dette kan også gjerast over internett. Kva med papirflykonkurranse eller skattejakt for både små og store?

Viss du er sjuk

Råd om fysisk aktivitet er først og fremst til dei som er friske og symptomfrie. - Er du sjuk er det også mange rolege aktivitetar du kan gjera. Det er også viktig å halda seg oppdatert om karantene og isolasjon, følg med på kommunen sine nettsider.

Er du sjuk er det viktig å la kroppen bruka energien på å bli frisk, men det er fortsatt mange små aktiviteter du kan fylla dagen med. Folkehelsekoordinatoren utfordrar deg til å læra, eller bli betre på eit instrument om du har det tilgjengelig, løyse kryssord eller sudoku. 
- Kanskje du kan læra deg origami eller bretting av servietter? Les ei god bok, eller lytt på lydbok! Sjå dokumentarar, lær om eit emne du ikkje kan så mykje om frå før. Eller er det nå du skal laga eit album med bilder frå dei siste åra? 

Dugnad

Å handtera ein pandemi må vera ein dugnad om me skal lukkast. - La oss ta denne dugnaden saman! sier folkehelsekoordinator Aslaug Tangeraas.