Informasjon til skular og barnehagar i samband med Korona

Informasjon til føresette i skule og SFO og barnehage

Regjeringa har beslutta at alle landets barnehagar og skular framleis skal ha stengt til og med 13.april.
Føresette som har behov for- og rett til eit omsorgstilbod for sine barn/unge må snarleg ta kontakt med styrar i barnehagen/rektor ved skulen.

  • Dette gjeld dei som har eit tilbod i dag, og som treng å vidareføre dette frå og med fredag 27.mars – måndag 13.april. Det gjeld også dei som ikkje har søkt om tilbodet før, men har eit behov i perioden 27.mars – 13.april.
  • Skulane vil ha stengt, som vanleg i påskeferien.
    Barnehagane stenger klokka 12.00 onsdagen før skjærtorsdag, og har stengt heilagdagane.

Ta kontakt med styrar/rektor på mobiltelefon. Du finn kontaktinformasjon på heimesidene til barnehagen/skulen.

Føresette med behov for og rett til omsorgstilbod må først lesa informasjonen som er vedlagt. Dette gjeld kun føresette med barn i skule og barnehage.