Kaffi & Klima, lørdag 30.sept 11-14, på Rådhusplassen

Sauda Kommune inviterer til Kaffi & Klima laurdag 30.september kl 11.00-14.00 på Rådhusplassen

Kommunen ønsker innspel til ny Klima- og energiplan og inviterer til ein dag med fokus på klima. I tillegg til moglegheit for å komma med innspel til klimaplanarbeidet blir det kjekke aktivitetar for heile familien:

-Byttemarknad av klede og utstyr til idrett/trening v/ Sauda IL*
-Gratis sykkelverkstad**
-Sykkelløypa med Sauda Sykkelklubb (grusbanen bak Rådhusplassen)
-«Natursti» med tema klima i sentrum (premietrekning i etterkant!)
-Miljøgruppa Sauda har infostand om sitt arbeid og syr handlenett av brukte tekstiler
-Kafe v/ fotball G13 (til inntekt for Norway cup tur)
-…med meir

Biblioteket har også klimafokus denne dagen og lager eigen bokutstilling med tema klima/natur/miljø. Biblioteket har også ein lånesymaskin til fri bruk på biblioteket (alltid!) og setter den fram denne dagen om nokon har eit lite sy/reparasjonsprosjekt.

Informasjon om arrangement vil oppdateres på facebook-arrangement

*Ta med klede og utstyr til idrett/trening som du ikkje bruker lenger og bytt det inn i noko du treng. Fint brukte og reine ting til både vaksen og born. Ein kan også ta med seg noko frå byttemarknaden som ein har bruk for sjølv om ein ikkje har noko å bytte inn
**Sjekk og enkel fiks

Invitasjon til kaffi og klima lørdag 30. september 11 til 14. - Klikk for stort bildeKaffi & klima arrangement Stine Skrunes