Kompensasjonsordning til lokalt næringsliv i Sauda kommune

Sauda kommune har fått tildelt kr 418 000 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma i forbindelse med pandemien. Ordninga skal og hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av tap av inntekt eller aukte kostnadar.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei vil støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Korleis søke?

Søknad med nødvendige opplysninger og vedlegg sendes via Regionalforvaltning sin nettside

Søknadsfrist

Søknadsfristen er satt til 17. oktober 2021. Søknadene vil bli behandla samla etter søknadsfristen.

Ta kontakt med kommunalsjef Næring og samfunn, Eirik Daniel Fatnes, på e-post eller tlf 99458553 ved spørsmål knytta til søknaden.