Ikkje testing før skulestart i Sauda

FHI og Helsedirektoratet har gått ut med råd om å testa barn og tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule før skulestart etter juleferien. Sauda kommune kjem ikkje til å gjennomføra slik testing nå.

Vindafjord, Etne, Suldal og Sauda kommunar er samde om å ikkje testa før skulestart.

Kommunen vår har relativt lågt smittetrykk. Testing med hurtigtestar gir ein del falske negative prøvesvar, og eit par enkelttestar per person vil ikkje gje vesentleg tilleggsinformasjon om smitte blant innbyggarane våre.

Vår vurdering er at det er langt meir effektivt å følga råda om å halda seg heime ved akutt nyoppståtte luftvegssymptom, halda avstand og redusera talet på nærkontaktar.

Alle med symptom skal testa seg!