Kjære pensjonistar og studentar - barnehage, sfo og skular treng personale

Det er ein krevjande driftskvardag i barnehagar, skular og SFO under pandemien. Høgt sjukefråvær blant tilsette også i våre einingar, gjer drifta sårbar.

Nå ber me om hjelp frå deg som er pensjonert lærar, pedagog, og/eller har annan bakgrunn som kan bidra til å gi barn og unge eit godt tilbod også under denne fasen i pandemien. 

Stortinget har vedteke at personell som kan bidra til å sikra forsvarleg bemanning i våre barnehagar, skular og SFO kan motta ordinær løn utan å få avkorta pensjonen under pandemien. Dette gjeld dei med alderspensjon og AFP, ikkje uførepensjon.

Me ber også studentar eller andre som er heime på ferie/har ledig tid, og som studerer eit eller fleire fagområde som passar for arbeid i barnehage, skule og/eller SFO, om å ta kontakt.

Litt kan gjera ein stor skilnad for barn og unge, og for oss.

Ta kontakt om du har spørsmål, og/eller er klar for å melde deg til teneste.