Sauda viderefører lokal forskrift med smitteverntiltak, med endringer – 24.03.21

Sauda formannskap har i ekstraordinært formannskapsmøte 24.3.21 vedtatt lokal forskrift med smitteverntiltak.
Forskriften trer i kraft umiddelbart og erstatter forskrift vedtatt av formannskapet 18. mars 2021.
Forskriften er gyldig til og med 12. april 2021.
 

Det er ikke registrert nye smittetilfeller i vår kommune, men Sauda samarbeider med Suldal og Etne kommuner for å sikre regional koordinering og samkjøring av smitteverntiltak. Sauda formannskap blir orientert i morgen om innføringen av lokal forskrift, og ulike tiltak for å forebygge større smitteutbrudd. Disse er også i tråd med råd og anbefalinger fra nasjonale helsemyndigheter og Statsforvalteren.
 

Forskrift om førebyggjing av koronasmitte, Sauda, Rogaland. § 1 og 2

Vedtatt av Sauda formannskap 24.3.21. Gjelder til og med 12.04.21
 

§ 1 Formål

Forskrifta sitt formål er å hindra eller avgrensa smitte av koronaviruset (SARS-CoV-2) gjennom tiltak som er tilpassa tilhøva.

§ 2 Verkeområde

Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Sauda kommune.

§ 3 Stenging av verksemder

Følgjande verksemder og stadar skal halda stengd:
 

a. Treningssenter, likevel slik at følgjande tilbod kan halde ope:

1. rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper på inntil fem personar med arrangør.
2. individuell trening og behandling som krev timeavtale.

b. Svømmehallar, spaanlegg og liknande, likevel slik at følgjande tilbod kan halda ope:

1. skulesvømming.
2. rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper på inntil fem personar med arrangør.
3. anna individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er del av behandlinga.

c. Museum
 

d. Kino, teater, konsertstadar og tilsvarande kultur- og underhaldningsstadar.
 

e. Andre offentlege stadar og verksemder kor det går føre seg organisert kultur-, idretts og fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.
 

Trus- og livssynshus kan halda ope med dei avgrensingar som følgjer av forskrifta § 4.

§ 4 Tal på personar som kan vera til stades på arrangement - endra 24.03.21

Arrangement og private samankomstar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale kan gjennomførast innandørs med inntil 10 personar. Private samankomstar utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 20 personar. Offentlege arrangement utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 50 personar.
 
Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.

§ 5 Påbod om heimekontor

Arbeidsgivarar skal sørga for at tilsette jobbar heimanfrå så langt det er praktisk mogleg.
Arbeidsgivarar skal kunna dokumentera at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 6 Påbod om munnbind - endra 24.03.21

Når det ikkje er mogleg å holde minst to meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmer, skal personar over 12 år bruka munnbind. Det skal til dømes brukas på kollektivtransport, drosje, køyreopplæring, butikkar m.m
 
Påbodet gjeld ikkje i utdanningssamanheng på skular.
 

§ 7 Skjenkestopp

Serveringsstadar som har skjenkeløyve etter alkohollova kapittel 4 og 5 skal ikkje utøva skjenkeløyvet.

§ 8 Stans av idretts- og fritidsaktivitetar - endra 24.03.21

Det er ikkje tillate å organisera idrettsaktivitetar innandørs. Det same gjeld for fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøvar for kor, korps og teater. Stemne, kampar og turneringar er ikkje tillate.

§ 9 Ansvar

Sauda kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som skulle følga av pålagte tiltak etter denne forskrifta.

§ 10 Straff

Forsetteleg eller grovt aktlaust brot på føresegner i denne forskrifta eller vedtak gitt med heimel i forskrifta er straffbart, jf. lov av 5. august 1995 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 8-1.

§ 11 Ikraftsetting og varigheit - endra 24.03.21

Forskrifta trer i kraft umiddelbart og erstattar forskrift vedtatt av formannskapet 18. mars 2021. Forskrifta er gyldig til og med 12. april 2021.

I tillegg til forskrifta vil følgjande tilrådingar gjelde

 

  • Tilbod barneskule med SFO held fram som normalt – me har ingen særskilde føringar for barnehagane no
  • Praksis for studentar vert gjennomført, men med krav om «bakgrunnssjekk» som tidlegare, samt at desse vert behandle som eigen kohort og med lokale avgrensingar
  • Avlastningstilboda bør vidareførast, evt. med nokre justeringar basert på individuelle behov
  • Unngå å reise mellom kommunane om det ikkje er naudsynt


Mål om effektiv avgrensing

Det har vist seg vanskelig å slå ned smitten når viruset først er etablert i samfunnet, og det er derfor viktig å etablere forebyggende tiltak for å hindre at viruset får fotfeste i Sauda. Tidligere virusvarianter har i liten grad spredd seg mellom barn og unge, men det viser seg at de nye og dominerende variantene har et stort spredningspotensiale i denne aldersgruppen. Det er derfor nødvendig å avgrense kontakt også mellom barn og unge, samtidig som det må balanseres mot mulige negative konsekvenser av tiltakene.

Viktig å vere lojale mot smittevernråda

I tillegg til dei lovpålagde tiltaka denne forskrifta slår fast, må me no alle følgja lojalt opp tilrådingar om å følgja smittevernråda. Det er einaste måten å slå smitten tilbake. Så hugs å hald god avstand, ha god hygiene, ha færrast mogleg kontaktar, hald deg heime om du er sjuk og ha låg terskel for å teste deg om du får luftvegssymptom