Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder - koronamidler

Sauda kommune har fått tildelt NOK 462 000 til ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordninga er å sette kommunene raskt i stand til å hjelpe lokale verksemder å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse. Ordninga skal ved hjelp av direkte tilskot sikre likviditet til bedrifter råka av covid-19 pandemien.

Kompensasjonsordninga gjeld alle verksemder i Sauda kommune som igjen er råka av strenge smittevernstiltak på grunn av pandemien. Dette gjeld i særleg grad serverings, overnattingsverksemder og reisearrangørar.

Finn meir informasjon og innlevering av søknad på regionalforvaltning si nettsida.