Registrering/innskriving til 1.klasse hausten 2021

Me ber alle foreldre/føresette til barn fødde i 2015 om å melde barnet sitt opp til skulestart.

P.g.a. Covid-19 pandemien kan me ikkje gjennomføre tradisjonell innskriving med oppmøte på skulen. Me ber dykk difor melde dykkar barn opp til skulestart over nett. Oppmeldingsskjema ligg her på heimesida til Sauda kommune. Her vil de og finne opplysningar om utsett/framskoten skulestart og val av målformer.
 
Ved spørsmål kan de kontakte skulane:
 
Austarheim skule tlf. 52 78 62 36 / 452 55 458
Fløgstad skule tlf. 52 78 56 25 /  928 69 593
Risvoll skule tlf. 52 78 63 20  / 489 95 225
 
Me håpar å kunne invitere barnet dykkar til aktuell skule i løpet av våren.
Ber om innmelding innan utgangen av januar månad!