Sauda kommune visar solidaritet med dei som er ramma etter hendinga i Oslo

Natt til laurdag ramma terroren Oslo. To personar mista livet og mange vart skadd. Sauda kommune uttrykker sin djupaste medfølelse til alle berørte og heile Oslos befolkning etter skytetragedia. 

Ordførar Asbjørn Birkeland besøkte mandag åstaden for skytetragedia i Oslo.  - Klikk for stort bildeOrdførar Asbjørn Birkeland besøkte mandag åstaden for skytetragedia i Oslo. Ordførar Asbjørn Birkeland   Måndag vitja ordførar Asbjørn Birkeland åstaden i Oslo og viste sin respekt for offera og pårørande. Som ei støtteerklæring vil Sauda kommune heise regnbogeflagget på Folkets Hus denne helga. Folkets hus er valgt sidan rådhuset er under renovering og Folkets Hus, som er heile Sauda si storstove, har meir besøk og aktivitet nå i sommar. 

Ordførar Asbjørn Birkeland er rysta over hendingane i hovedstaden.
- På vegne av Sauda kommune vil eg uttrykke min djupastee medfølelse med alle som er ramma og dei pårørende. Det er uvirkelig at slikt kan skje i trygge Noreg, sier Birkeland.
- Frihet og mangfald er fundamentale menneskerettar me aldri kjem til å legga til sides, og som angår oss alle. Det er ein meneskerett å elska den ein vil, fastslår han.