Skogbruket i Rogaland treng arbeidskraft til vårplanting

Vårplanting - Klikk for stort bildeSkogbruket treng arbeidskraft Bilde fra Statsforvalteren i Rogaland Vil du plante skog? Skogbruket ser etter arbeidskraft for å plante omkring 350 000 skogplanter i Rogaland før sommaren kjem.

Vil du plante skog?

Eit avbøtande tiltak er at fleire skogeigarar gjer plantearbeidet på eigen eigedom. Dette er med på å få ned antall planter som må plantast med innleigd hjelp, men det er ikkje realistisk for heile plantevolumet.

Aktørane har difor behov for å engasjere personar som kan gjere ein praktisk jobb med planting av skog eller vere arbeidsleiar for ei arbeidsgruppe. Arbeidet er fysisk og føregår ute i skog og mark.

Du finn meir informasjon i artikkelen frå Statsforvaltaren, og kven du kan kontakta, om dette er noko du vil bidra med.