Skrantesjuke - CWD prøvetaking i Sauda

Me syner til vedtak i frå Mattilsynet om at jegerane i Sauda kommune skal ta skrantesjuke-prøvar (CWD) av 2 år og eldre hjort som vert felt under jakta 2021. 

Dette er som ei følgje av at det vart funne skrantesjuke hjå ei hjortekolle i Etne kommune. Tilsvarande innsamling av prøvar frå dyr under jakta er allereie sett i gang i Etne kommune og dei andre nabokommunane til Etne. Det skal takast prøve av hjerne og lymfeknute, det er jegerane sjølve som må ta testen og sende den til Væterinærinstituttet for analyse. Prøvetakingsutstyr og informasjon kan hentast på følgjande stader i vanleg opningstid: 

  • Sauda kommune, kundetorg/biblioteket
  • Esso Sauda