Tiltak for sjøaure

Ryfylke vassområde gjer tiltak - Klikk for stort bildeTiltak for sjøaure Jarle Lunde  Sjøauren slit. Det er bakgrunnen for at det denne veka er gjennomført habitatforbetrande tiltak i Risvollelva.

Etter forslag frå fiskeribiologar er det lagt ut gytegrus i elva nedanfor skulen. Grusen er lagt slik at elva sjølv skal fordele den under stor vassføring. Det er og lagt store steinar på elvebotn i kanalen nedstraums riksvegen. Dette for å gi eit mindre homogent elveløp og dermed skjul for fisken. 


Tiltaket i Risvollelva er del av «Sjøaureprosjektet i Rogaland». Det er kommunen saman med Ryfylke vassområde som har fått gjennomført tiltaket. Grunneigar har vore svært positiv. Miljødirektoratet har finansiert arbeidet.