Varsel om detaljregulering for del av gnr. 50 bnr. 1 "Maldal" i Sauda kommune - PlanID: 2021002

I samsvar med §§12-3, 12-8 og 12-11 i plan- og bygningslova blir det med dette varsla oppstart av privat detaljreguleringsarbeid for del av gnr. 50 bnr. 1 Maldal i Sauda kommune. Oppdragsgjevar er Fibi AS.

Føremålet med planen er å legge til rette for bygging av opp mot 40 fritidsbustader med veg, fellesområde og grøntareal. Planområdet ligg i nær tilknyting til plan ID 2004004 Gnr/bnr 50/1 Maldal, som ei utviding mot nord, og vert ei utviding av det allereie utbygde området ved Maldalsvatnet. 
Området skal byggast ut med veg inn i området med avgreiningar til tomter for fritidsbustader. Det skal etablerst møtestader for felles aktivitet, slike som akebakke og gapahuk innafor planområdet. 
I kommuneplanen er området sett av til fritidsbustader med bygging i klynger med stiar fram til hyttene. 
Planområdet er totalt 119 daa. 

Innspel eller kommentarar til planarbeidet kan sendast til Norconsult AS, Lagarhusvegen 5, 4230 SAND eller på e-post til Arne Espeland eller til postmottaket til Norconsult. Spørsmål kan rettast til Arne Espeland på tlf. 970 10 254. 

Frist for uttalar og merknader er 30.07.2021.

Planinitiativ (PDF, 581 kB)

Varsel om detaljregulering (PDF, 949 kB)