Varsel om oppstart av områderegulering for Svandal gnr/bnr 10/1, 11/1, 12/79 m.fl – Sauda Kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova vil me med dette informere om at Omega Areal AS  på vegne av Sauda Vekst AS skal utarbeide forslag til områderegulering for Svandal, gnr/bnr 10/1, 11/1, 12/79 m.fl. i Sauda kommune. Planforslaget skal utarbeidast i tett dialog med grunneigarar og Sauda kommune. 

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for vidareutvikling av aktivitet- og servicetilbodet i Sauda skisenter med sikte på skapa meir heilårsaktivitet. I tillegg vil planarbeidet omfatte detaljregulering av to utbyggingsområde for fritidsbustadar som ligg langs alpinanlegget. Planforslaget skal legga til rette for gondolheis i to utbyggingstrinn der siste trinn vil vera gondol til Ravnafjell. I tilknyting til dette vil planen også legge til rette for nye ordinere skiheisar og nedfartstrasear for både vinter- og sommaraktivitetar. Grunna snømangel i nedre del av eksisterande skitrekk (350moh), ser ein føre seg å flytte tyngdepunktet for service- og aktivitetstilbod til Djuvsbotn (580moh). Tilkomst til området vil framleis vera via Fv4722 Svandalsvegen, med parkeringsmoglegheit i enden av denne som i dag. Tilkomst med bil vidare inn i planområdet vil vere avgrensa til vegnett i områda for fritidsbustadar, då gondol skal vere hovudtransportmiddelet til Djuvsbotn for besøkande. 

I arealdelen til kommuneplanen 2019-2031 for Sauda kommune er nåverande og framtidig areal for alpinanlegg avsett til LNFr-spreitt næring og næringsføremål med tilhøyrande føresegner som opnar for vidareutvikling. Områda der det skal leggjast til rette for nye hytter er i kommuneplanen sett av til framtidig byggjeområde for fritidsbusetnad. I samband med planarbeidet vil det vere aktuelt å sjå på ei høgare utnytting enn kva føringane for fritidsbustadar er i kommuneplanen.

I samråd med Sauda kommune er det vurdert at tiltaket er omfatta av §8 bokstav a) i Forskrift om konsekvensutgreiing, som utløyser krav til KU utan planprogram. Det er gjort ei nærare vurdering av kva tema som skal inngå i KU i samråd med kommunen, Statsforvaltar og Rogaland fylkeskommune og konkludert med at konsekvensane for naturmangfald, friluftsliv, landbruk, trafikk og landskap skal vurderast særskilt gjennom planarbeidet.

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post innan 02.02.2022. 

Etter meldingsfristens utløp vert sjølve planforslaget utarbeidd og sendt inn til kommunen.
Etter 1. gangs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknadar og innspel til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Informasjon og medverknad

Me ynskjer å invitere til eit offentleg møte (via digital plattform – Microsoft Teams) der ein vil få meir informasjon om planarbeidet. Møtetidspunkt er satt til 13.januar 2022, klokka 20.00. Klikk på link i teksten for å delta. 
Alternativt kan du sende ein mail til Kjerstina for påmelding. 

Vidare i planprosessen vil det vil bli lagt til rette for medverking med mål om at særleg barn og unge blir høyrt og får innflytelse på utviklinga i Svandalen. Invitasjon til dette kjem.

For nærmare informasjon kan du kontakte Omega Areal AS på telefon 975 40 000.

Varslingskart (PDF, 4 MB)
Kart med plangrense (PDF, 471 kB)
Planinitiativ (PDF, 844 kB)
Referat fra oppstartsmøte (PDF, 258 kB)
Presentasjon fra offentleg informasjonsmøte (PDF, 5 MB)