Vidare opning av saudaskulen

Skular og SFO skal driva opplæring og følgja krav til smittevern. For å organisera dette på ein god måte, vil skuledagane kunne bli litt annleis enn vanleg. Kvar skule vil gi informasjon til heimane om korleis dei tilpassar opplæringstilbodet.

  • 1. - 4. klasse starta på skulen 27. april
  • SFO opna 27. april
  • 10. klasse startar måndag 11. mai klokka 08.15
  • 5. - 7. klasse startar tysdag 12. mai frå klokka 08.15
  • 9. klasse startar tysdag 12. mai klokka 08.15
  • 8. klasse startar onsdag 13. mai klokka 08.15

Transport vil gå som vanleg for elevar med rett til skuleskyss. Me oppmodar likevel til å la barn og unge gå/sykle til skulen, for å redusera fare for smitte på tvers av grupper (kohortar).

Endringar i drift

  • Sauda kommune følgjer råd i dei nasjonale smittevernsrettleierane
    - Dette inneber styrka reinhald og strenge hygienekrav.
    - Dei tilsette får opplæring i smittevern ved eigen skule.
  • Kvar skule vil gi føresette informasjon om nye rutinar for å møta krav i smittervernsrettleiar. Rutinar for kvar skule tar utgangspunkt i lokale tilhøve med omsyn til bygg og anlegg.
  • Det er Sauda kommune, som skuleeigar, som har ansvar for å sikra ei forsvarleg drift ut frå smittevernsrettleiar. Det kan oppstå situasjonar som gjer at me har behov for å endra rutinane våre på kort varsel. 
     

Viktig informasjon til føresette om deira ansvar

  • Me ber elevane vaska hender rett før dei går til skulen, og når dei kjem heim frå skulen. Dette er jamfør den nasjonale smittervernsrettleiar.
  • Me ber om at elevane ikkje kjem til skulen før klokka 08.00. Dei vil då bli møtt av personalet ved skulen, som sikrar at dei kjem i rett kohort (gruppe) frå start.
  • Me ber om at føresette ikkje går inn i skulebygget, men avtalar møtestad utanfor skulegarden, om de skal henta eigne barn.
  • Treng de kontakt med skulen ber me om at de brukar telefon eller epost. De finn kontaktinformasjon på skulane sine heimesider, eller de brukar Visma Skole. 


Når kan elevar og tilsette møta på skulen og i SFO?

  • Når dei ikkje har symptom på sjukdom.
  • Ved gjennomgått luftvegsinfeksjon kan elevar og tilsette koma tilbake etter at dei har vore symptomfrie i 1 døgn.
  • Om ein i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje bekrefta Covid-19, skal eleven og den tilsette møta i skule/SFO som normalt. Desse må gå heim frå skule/SFO om dei får symptom i løpet av dagen.
  • Elevar og tilsette med typiske symptom på pollenallergi (kjend pollenallergi, med rennande nase med klart nasesekret, rennande/kløande auge) kan møta på SFO.
  • Mange yngre barn har ofte rennande nase utan andre symptom på luftvegsinfeksjon, og særlig etter dei har vore ute. Desse barna kan koma på skulen/SFO, om barnet ikkje har feber og elles er friskt.
     

Når skal elevar og tilsette ikkje møta på skulen og i SFO?

  • Elevar og tilsette med luftvegssymptom:
    - Elevar og tilsette sjølv med milde luftvegssymptom og sjukdomsskjensle skal ikkje møta på skule/SFO. Dei skal halda seg heime til dei har vore symptomfrie 1 døgn.
  • Elevar og tilsette som har bekrefta Covid-19:
    - Desse skal vera i isolasjon. Det er helsetenesta som vedtek kven som skal vera i isolasjon, og kor lenge, etter råd gitt av Folkehelseinstituttet. (FHI)
  • Elevar og tilsette som er nærkontaktar/husstandmedlem til ein person med bekrefta Covid-19:
    - Skal vera i karantene. Det er helsetenesta som vedtek kven som skal vera i karantene, og kor lenge, etter råd gitt av Folkehelseinstituttet. (FHI)
  • Foresatte som har luftsvegssymptom, er i karantene eller isolasjon:
    - Skal ikkje møta på eller utanfor skule/SFO, og må finne andre løysingar for å  følgja og henta barna.
     

Når sjukdom oppstår på skule eller i SFO

  • Elevar som blir sjuke på skule eller i SFO, må heim så snart som mogleg. Føresette blir kontakta og bedt om å henta så fort det lar seg gjera. I ventetida må eleven vera på eige rom med ein tilsett, eller venta ute.
     

Heimeundervisning 

  • Det kan bli gjort ei individuell vurdering av om nokre utsette grupper barn kan ha rett til heimeundervisning. For at det skal bli vurdert, må føresette senda ein begrunna søknad til kommunen om tilrettelagt heimeundervisning. Vedlagt denne søknaden må følgja ei legeerklæring. Denne blir levert i postkasse ved kundetorget, rådhuset.
  • Les meir om barn det må tas særskilde omsyn til i smittevernsrettleiar.
  • Alle andre elevar følgjer undervisning ved skulen, som normalt.
  • Er det føresette som ønskjer å undervisa sin barn heime skal dei melda skriftleg frå til kommunen om dette. Då overtek føresette ansvaret for at opplæringa skjer etter gjeldande lovverk med forskrifter. Skriftleg melding blir levert i postkasse ved kundetorget, rådhuset.
  • Kommunen har ansvar for å føra tilsyn med at opplæringa skjer etter gjeldande lovverk med forskrifter, og utnemnar ein tilsynsførar i kvar sak. Tilsynsførar skal mellom anna sjå til at det er struktur i heimeundervisninga, og at det er ein plan for opplæringa som syner korleis ein skal arbeida i høve til kompetansemål i læreplanen. Tilsynslærar har ikkje ansvar for å rettleia føresette i høve undervisninga.
  • Om kommunen finn at opplæring i heimen ikkje er i samsvar med regelverk, er den private heimeundervisninga ikkje lovleg. Kommunen kan då fatta eit vedtak om at eleven skal starta på skulen att. 
  • Retten til grunnskuleopplæring i heimen gjeld berre eigne barn.
     

Permisjon frå opplæringa og fråvær

  • Føresette kan senda søknad om permisjon frå opplæringa i inntil 10 dagar.
  • Søknad om permisjon grunna frykt for smittefare blir ikkje innvilga, om ikkje informasjonen frå sentrale mynde blir endra.
  • Blir det gitt avslag på søknad om permisjon, og eleven ikkje kjem tilbake i opplæring, blir eleven skriven ut frå skulen etter 10 dagar. Då overtek føresette opplæringsansvaret.
     

Betaling for SFO

  • Foreldrebetaling går som normalt frå 27.april
  • Oppseiing av plass blir gjort etter ordinære vedtekter, med 3 månadars oppseiingstid som gjeld frå 15. eller 30. kvar månad.
  • Som hovudregel blir det ikkje gitt permisjon med fritak frå foreldrebetaling. Det blir gjort unntak frå elevar med kroniske sjukdomar som har legeerklæring på at dei ikkje kan nytta plassen i SFO.