Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda - Høyring

Helse og omsorgstenesta har eit omfattande ansvar og rører ved eit breitt spekter av brukargrupper og tenester. Alle i Sauda vil trenga tenester frå helse og omsorg i løpet av livet. Det blir i dag gitt tenestetilbod til folk i alle aldrar - «frå vogge til grav».

Sauda står framføre både utfordringar og sjansar i dei komande åra. Desse kan kort summerast slik:

  • Brukarane sine behov for individuelt tilpassa og koordinerte tenester blir ikkje imøtekomne i tilstrekkeleg grad.
  • Kommunane får stadig fleire oppgåver og større ansvar.
  • Fleire eldre, endring i sjukdomsbilde, reduserte økonomiske rammer og færre personar i arbeidsfør alder, gjer at tenestene framover ikkje kan drivast slik som i dag.

I dette planarbeidet har ein valt å ha ein relativt omfattande prosess. Dette for å sikra eit breitt kunnskapsgrunnlag, størst muleg felles forståing for den røynda me lever i og eit vidt eigarskap til løysingane.

Brei deltaking og gode prosessar blir og viktige framover. For å lukkast må me fortsetja å mobilisera heile Saudasamfunnet sine ressursar slik at me saman kan møta dei utfordringane som kjem. Helse- og omsorgstenestane må utviklast og utøvast i nært samspel med både brukarar og pårørande, tilsette, samt interne og eksterne samarbeidspartar.

Kommunestyret sette våren 2016 ned ei arbeidsgruppa som bestod av tre politikarar, samt leiar for eldrerådet, hovudtillitsvalde frå Fagforbundet og Norsk Sjukepleiarforbund. Sekretariat var rådmannen og kommunalsjef for helse og omsorg. Arbeidsgruppa leverte sin sluttrapport 1. november 2016 og tilrådingane er tatt med i kommunedelplanen for helse og omsorg 2017 - 2025.

Når høyringsfristen går ut vil rådmannen leggja saka fram til politisk behandling.

Ein ber om at uttalar blir sendt via høyringslink (websak 14/152) eller til:

Sauda Kommune
Postboks 44
4201 Sauda

Frist for uttale er måndag 6. februar 2017.

Se innkomne uttalelser i saken på innsyn

Høyringsdokument - Kommunedelplan (PDF, 2 MB)

Fant du det du lette etter?

Kategori

Barn- og ungdom Meddommer
Bustad- og eigedom Miljøretta helsevern
Digital postkasse - konkurranse Næring og landbruk
Helse, omsorg, trygd og sosial Skatter og avgifter
Kontakt oss/høyringsuttale/meld feil Skule- og utdanning
Kultur og fritid Søke stilling
Lønn- og personal

Logg inn


Generell informasjon