Kulturminneplan - høyring

DJI02351 - Klikk for stort bileteDJI02351 Sauda kommune har fått utarbeidd forslag til kulturminneplan. Kulturminneplanen er ein temaplan. Høyringsfrist 14.02.2018.

Temaplan for kulturminne skal vera grunnlag for arbeidet med sentrumsplan og kommuneplan for Sauda. Arbeidet er politisk forankra i Sauda kommune sin planstrategi vedtatt hausten 2015.

Temaplanen skal vera Sauda kommune sitt strategidokument for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø i Sauda. Dei måla Sauda kommune set innanfor dette feltet skal sikra god forvaltning og formidling av kulturminne i Sauda over tid.

Ein temaplan gjev i seg sjølv ikkje juridisk bindande vern, berre faglege vurderingar og tilrådingar. Først ved kartfesting og planavgjersler i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan, vil nyare tids kulturminne eller heile kulturmiljø få ein juridisk bindande vernestatus. Temaplanen for kulturminne skal derfor innarbeidast i kommuneplanen, som er planlagt vedtatt i siste halvdel av 2018.

Sauda kommune legg nå kulturminneplanen ut på høyring. Innspel kan sendast via vårt åpne høyringsskjema - husk å godkjenne Personvernerklæringa.

Kulturminneplan Sauda  (PDF, 8 MB)

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135