Velkomen til Sauda

 Sauda sentrum oversiktsbilde - Klikk for stort bileteSauda sentrum oversiktsbilde Per Inge Fjellheim

Veien til Sauda - Klikk for stort bilete Sauda ligg i den allsidige Ryfylkeregionen, ikkje langt frå byregionane Stavanger og Haugesund. Det unike med Sauda er nærleik mellom by og natur. Velg om du vil sitta på kafé og nyta ein kopp cappucino, eller om du vil snøra på deg fjellskoa og legga i vei mot nokre av Rogalands høgaste fjell. På godversdager har ein utsikt til Stavanger i sør og Folgefonnas kvite snøkappe i nord.

Sauda har i underkant av 4700 innbyggarar og ein arealmessig utstrekning på 514 km2. Sauda er først og fremst kjend som ein vasskraft- og industrikommune, og kommunen er handels-, skule- og servicesenter i indre Ryfylke.

Sauda er også eit samfunn med kontrastar der ein finn både storindustri og eit topp moderne samfunn, men også velstelte gardsbruk med gamle, tradisjonelle hus. Me har skogsdrift og mulighetar for jakt og fiske i elvar og innsjøar. Dessutan finn ein skogkledde fjordsider med høge fossefall, og høgfjell med nuter på 1500 – 1600 meter over havet.

Sentralt i bymiljøet er gatene som takka vere fjernvarme frå smelteverket er snøfrie heile året. Kommunen har eit konsentrert sentrum, med godt og variert utval av forretningar. Det er gode og tilrettelagte bumiljø som ligg nær sentrum og offentlige tjenestetilbud, og god tomte- og bustadkapasitet i ulike deler av kommunen.


Sauda har vidare eit breitt tilbod av tidsmessige idrettsanlegg slik som Saudahallen, heilårs, oppvarma stadionanlegg, langrennsstadion og skytebaneanlegg. Om vinteren er det mest kjente anlegget Sauda skisenter, som er det best utbygde alpinanlegget i fylket. Lysløyper for skigåing både ligg både rett utanfor sentrum og høgare oppe i Slettedalen. Om sommaren er det merka løyper i alle dalføre. Sauda er slik eit mekka for rike friluftsopplevingar i tilknyting til både fjell og fjord, vinter og sommar.

Næringslivet har historisk vært forankret i vasskraft og tradisjonell tungindustri. Gjennom omstillings- og fornyingsprosessar framstår Sauda i dag som ein stor leverandør av rein vasskraft og med eit smelteverk som er verdsledande innan teknologi og rensing. Dei seinare åra har også fleire Saudabedrifter etablert seg som leverandørar til oljeindustrien. Øvrig næringsliv inkluderer ei aktiv reiselivsnæring og en rekke produksjons- og servicevirksomheter.

For meir informasjon:

Destinasjonsselskapet Sauda ferie og fritid
Næringsutviklingsselskapet Sauda Vekst

Sist endra 25.04.2016
Publisert 23.06.2017

Turistinformasjon er på Ryfylkebiblioteket Sauda

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964 979 367
Kontonr.
: 3520 62 17705
Kommunenr.
: 1135