Bustønad, utbetringstilskot, startlån og etableringstilskot

 

Bustønad
Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

Sjekk om du kan få bostøtte

 

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.

Søk bustøtte

 

Papirsøknader skal du sende til Sauda kommune, kundetorget, Postboks 44, 4201 Sauda.

 

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar

 

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

 

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

 

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider. Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Sauda kommune v/kundetorget, Rådhusgata 32. Tlf. 52 78 62 00.

 

Startlån
Sauda kommune har midler til startlån - det er NAV som handsamar søknad.

 

Målgruppe
Unge i etablererfasen, barnefamiliar, enslige forsørgerar, funskjonshemma, flyktninger, personar med oppholdsløyve på humanitært grunnlag og andre husstander som har økonomiske vanskar.


Vilkår for å få lån
Hustanden må ha behov for bolig. Boligen skal vera rimelig og ha nødvendig standard. Det må også vere evne til å betala lånet og problemer med å fullfinansiera bustaden.

 

Søk om tilskot til å tilpasse bustaden din
Dersom du treng økonomisk stønad for tilpassing av bustaden din, slik at du fortsatt kan bli buande der, kan du søkje kommunen din om tilskot til dette. 

Fleire eldre og personar med funksjonsnedsetting kan bli buande heime lenger ved å få tilpassa bustaden sin. Tilskot til tilpassing kan gjere dette mogeleg. Det er god samfunnsøkonomi også.

Tilskotet er ei offentleg ordning som kan hjelpe deg å bli buande heime, sjølv med nedsett funksjonsevne. Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som til dømes å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i forhold til brukaren sin funksjonsnedsetting. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet.

Kommunane vil ikkje nytte absolutte inntektsgrenser i slike saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal vere ut frå ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

Ved planlegging av større ombygnader kan det være smart å først søkje Husbanken om tilskot til utgreiing og prosjektering.

 

Etableringstilskot

Kommunen har fått nokre midlar for 2015 til tilskot for etablering. Bruk same søknadsskjema som ved søknad om startlån. Kommunen kan løyva inntil kr 100.000,- i etableringstilskot.

 

Kontakt Sauda kommune ved ergoterapaut Marianne Thompson, telefon 52 78 61 88, eller Solfrid Handeland, telefon 52 78 63 01 for nærare informasjon.

 

Les mer om tilskudd til tilpasning av bolig på Husbankens nettsider

Søknadsskjema

Veileder for søkere

Eksempelsamling

Finansieringsalternativ

Tilskudd til utredning og prosjektering

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135