Sauda Kommune – Fairtrade kommune

Fairtrade logo - Klikk for stort bilete

Her kan ein finna informasjon om Fairtrade-konseptet.

Fairtrade.no


Sauda blei landets første Fairtrade kommune i august 2006.
Ideen om å bli fairtrade kommune kom under ein Nord – Sør konferanse i Sauda der blant andre Stiftelsen Idèbanken og Fremtiden i våre hender var til stades saman med fleire andre organisasjoner. Lokale eldsjeler arbeidde vidare med ideen og det enda med at eit mest einstemmig kommunestyret vedtok å søkje om statusen.


Kvifor Fairtrade?


Det er mange grunnar til å satse på Fairtrade, også for det offentlege. Fairtrade eller meir rettferdig handel, vil føre til å redusere fattigdom i verden. Småbønder og plantasjearbeiderer får mulighet til utvikling i form av utdanning for barn, helsestell m.m. fordi dei får ein pris for produktet som saman med ein premium, gir ei garantert inntekt ein kan leve av.


Norske kommunar og andre offentlege institusjonar handlar kvart år for ca. 500 mrd. og kan gjennom å bruke fairtrade sertifiserte produkt som kaffi og te, vera med på arbeidet med redusere fattigdom i verden og at barn får skule og utdanning.
Det er ei styringsgruppa samansett av medlemmer frå ulike organisasjonar i Sauda, men flest frivillige. Kommunen har og ein kontakt person.


Styringsgruppa skal gjennom informasjon, arrangement og ulike aktiviteter i Sauda arbeide for at innbyggjarane skal ha kjennskap til Fairtrade.
Fairtrade er verdens mest kjente merkeordning for rettferdig handel.


Fairtrade Sauda har og Facebook side.
 

 

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135