Varsel om oppstart av detaljregulering for Lindvollsåsen Sør - gnr/bnr 14/1, 8/5 m.fl

I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova vil me med dette informere om at Omega Areal AS på vegne av grunneigarar og forslagsstillar Åsane Hyttegrend AS, skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Lindvollsåsen Sør, gnr/bnr 14/1, 8/5 m.fl. i Sauda kommune. 

Området der det skal leggjast til rette for nye hytter, er i arealdelen til kommuneplanen 2019-2031 for Sauda kommune sett av til framtidig byggjeområde for fritidsbusetnad, der det er krav om felles planlegging. Området ligg i tilknyting til eksisterande hyttefelt på Lindvollsåsen.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utviding av eksisterande hyttefelt, med ca 45 nye hytter. Tilkomst til området er via Fv4722 Svandalsvegen, men ein vil i samband med planarbeidet vurdere ei mindre justering/flytting av eksisterande avkøyrsle mot fylkesvegen. Tilkomst vidare inn i planområdet vil vere via eksisterande trasear, med påkobling til nye tilkomstvegar inn i det utvida området. Det er tenkt hytter i liknande stil som eksisterande busetnad i området, som ikkje vert sjenerande i landskapet, med fortetting som bevarer eksisterande terreng og vegetasjon i størst mogleg grad.

I samråd med Sauda kommune er det vurdert at tiltaket ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiing (KU) då føremålet i hovudsak vil vere i samsvar med overordna plan.
For nærmare informasjon kan du kontakte Omega Areal AS på telefon 975 40 000.

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post innan 04.02.2022.

Etter meldingsfristens utløp vert sjølve planforslaget utarbeidd og sendt inn til kommunen.
Etter 1. gangs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknadar og innspel til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Varslingskart (PDF, 788 kB)
Planinitiativ m/vedlegg (PDF, 672 kB)
Referat oppstartsmøte (PDF, 202 kB)