Offentleg ettersyn av forslag til planstrategi 2024 - 2027 (2028)

Formannskapet vedtok å legge forslag til planstrategi ut på offentleg ettersyn i sak 072/2024, den 26.8.2024.

Bakgrunn for saken

Det skal etter plan- og bygningslova § 10-1 første ledd utarbeidast ein planstrategi minst ein gong kvar valperiode. Planstrategien er eit politisk styringsverktøy, og eit lovpålagt hjelpemiddel for kommunestyret. Strategien er eit verktøy for å få fram den politiske prioriteringa av kva planoppgåver kommunen skal arbeide med i valperioden, for å møte kommunen sine behov og legge til rette ønska utvikling. 

Gjennom planstrategien skal ein peike ut kva ein må ta omsyn til i kommunen si planlegging, og kva for føringar som gjeld. I tillegg skal ein gjennom planstrategien drøfte utfordringar for den langsiktige samfunnsutviklinga, og vurdere behovet for å revidere kommuneplanen.

Tidspunkt for vedtak er innan eitt år etter konstituering av kommunestyret.

Forslag til planstrategi

Forslag til planstrategi bygge på utfordringsbilete/utviklingstrekk i Sauda. Planbehov for perioden 2024 – 2028 skal vurderast på bakgrunn av dette bilete. Det vil seie at ein skal ta stilling til om det er naudsynt med revisjon av kommuneplanen samfunnsdelen og/eller arealdelen samt andre planar. Ein skal òg vurdere behov for nye planar og oppheving av utdaterte planar. Planbehovet må sjåast i samanheng med ressurstilgangen i kommunen, både når det gjeld kapasitet og økonomi.  Kommunedirektøren sitt forslag til planbehov for perioden ligg i forslag til planstrategi under vedlegg.

Formannskapet fatta følgande vedtak den 26.8.2024 i sak 072/2024 :

1. I samsvar til plan- og bygningslova § 10-1 blir forslag til planstrategi 2024 - 2028 lagt ut til offentleg ettersyn. Enstemmig 

2. Det blir ikkje starta opp revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel i denne perioden (2027). Enstemmig 

3. Planar lista i tabell «kan opphevast» i planstrategien opphevast. Enstemmig 

4. Kommunestyret ber kommunedirektøren starte rullering av kommuneplanens arealdel i 2026. Enstemmig 

5. Kommunestyret ber kommunedirektøren iverksette oppstart av sentrumsplan i 2027. Forslaget vedtatt med 4 mot 3 stemmer. Lillian Nordengen, Sp, Asbjørn Birkeland, Sp og Kjell Arnold Pettersen, Sv stemte mot. 

6. Kommunestyret ønsker prioritering av områdeplan Svandal med mål om ferdigstilling 1. halvår 2025. Vedtatt med 6 mot 1 stemme. Håvard Handeland, Ap, stemte mot

 

Forslaget har blitt lagt fram for Ungdomsutvalget, Eldrerådet, Funksjonsnedsettes råd, og Utvalg for areal, næring og kultur.  Se handsaminga deira på sida Møter og sakspapir på kommunen si nettside. 

Utval for areal, næring, og kultur behandla saka i møte den 27.8.2024, og vedtok følgande innspel: 

  1. I samsvar til plan- og bygningslova § 10-1 blir forslag til planstrategi 2024 - 2028 lagt ut til offentleg ettersyn. 
  2. Det blir ikkje starta opp revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel før i
    slutten av denne perioden (2027).Oppstart av sentrumsplanen vert utsett til slutten av perioden og blir inkludert som eit kapittel i kommuneplanen
  3. Planar lista i tabell «kan opphevast» i planstrategien opphevast

 

Kommunestyret ønsker prioritering av områdeplan Svandal med mål om ferdigstilling 1. halvår 2025. 

 

Forslag til planstrategi skal til endeleg handsaming i kommunestyret i oktober 2024. 

 

Har du innspel?

Frist for å komme med innspel til forslag til planstrategien er 25.september 2024

Innspel kan sendast anten:

Me ber om at du oppgir fullt namn, kontaktinformasjon og saksnummeret 23/549 ved innsending.

Spørsmål?

Ta kontakt med sakshandsamar Heidi Saua, e-post heidi.saua@sauda.kommune.no eller på telefon 469 06 439

Vedlegg

Formannskapet sitt vedtak og saksframstilling 

Forslag til planstrategi (PDF, 474 kB)

Diskusjonsgrunnlag Utviklingstrekk i Sauda, januar 2024 (PDF, 5 MB)

Samledokument evaluering og oversikt over planar (PDF, 116 kB)

Statsforvaltar i Rogaland sin uttale (PDF, 144 kB)

Rogaland fylkeskommune sin uttale (PDF, 153 kB)