Varsel om oppstart av detaljregulering for Risvollia hytteområde gnr/bnr 21/4, 21/5 m.fl

I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av grunneigar og forslagsstillar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Risvollia, Sauda kommune. Planområdet er på om lag 181 daa, og går fram av vedlagte kart.

Området er i arealdelen til kommuneplan for Sauda kommune 2019-2031 sett av til fritidsbustadar. Skildringa i kommuneplanen legg opp til at området kan fortettast jf. klynge-kategorien, med hytter på inntil 120m2 BRA tilknytt tilrettelagte stiar og løyper.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for fritidsbustadar (ca 50 stk) innanfor planområde. Tilkomst til området er tenkt via Amdalsvegen anten fram til felles parkeringsplassar eller fram til kvar hytte, eller ein kombinasjon av dei to.

Det er konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU), då planforslaget er vurdert å vera i tråd med gjeldande planar for området og at planlagde tiltak ikkje vil få vesentlege verknadar for miljø og samfunn.

For nærmare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS på telefon 975 40 000.

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til 
Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no innan 23.09.2022

Etter meldingsfristens utløp vert sjølve planforslaget utarbeidd og sendt inn til kommunen.

Etter 1. gangs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknadar, innspel og motsegn til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Kjelde: kommunekart.com      

 

 

 

 

 

 

 

Planinitiativ (PDF, 423 kB)

Varslingskart (PDF, 698 kB)

Referat oppstartsmøte (PDF, 494 kB)