Varsel om igongsetting av reguleringsarbeid, Løypesmyrane

Varsel om igongsetting av reguleringsarbeid for del av gnr. 46 bnr. 1 "Løypesmyrane" i Sauda kommune Plan ID: 2021001. I samsvar med §§12-3, 12-8 og 12-11 i plan- og bygningslova blir det med dette varsla oppstart av privat detaljreguleringsarbeid for del av gnr. 46 bnr. 1 Løypesmyrane i Sauda kommune. 
 

Formålet med planarbeidet er å legga til rette for seks bustadtomter med veg, fellesområde og grøntareal. Planen er ei utvikling ut frå etablert busetnad i plan ID 2005004. Planområdet er utvida litt mot aust i forhold til kommuneplanen, og bustadformålet er, i samråd med Sauda kommune, forskyve i forhold til kommuneplanen, og lagt ovanfor høgspentlina, for å få ei betre utnytting av terrenget, ta omsyn til infrastrukturen, og gi høve for fleire tomter med betre plasseringar i terrenget. Sauda kommune stiller krav om ei avgrensa konsekvensutgreiing, kun for dei to tomtene som ligg utafor arealet sett av til utbygging i kommuneplanen.

Planområdet er total 20,9 daa. Av dette går ein liten del til infrastruktur som vegtilkomst. Resten av området vert sett av til bustadformål, 8,9 daa, og LNF-område. Sjå vedlagt kart over planområdet.

Innspel eller kommentarar til planarbeidet kan sendast til Norconsult AS, Lagarhusvegen 5, 4230 SAND eller på e-post til Arne Espeland hos Norconsult eller til postmottaket til Norconsult. Spørsmål kan rettast til Arne Espeland på tlf. 970 10 254.

Referat frå oppstartsmøte (PDF, 115 kB)

Planinitiativ (PDF, 86 kB)

Varsel om igongsetting (PDF, 25 kB)

Varslingskart (PDF, 278 kB)

Frist for uttalar og merknader er 30.06.2021