Varsel om oppstart av detaljregulering for del av gnr. 50 bnr. 1 "Maldal" i Sauda kommune - PlanID: 2021002

I samsvar med §§12-3, 12-8 og 12-11 i plan- og bygningslova blir det med dette varsla oppstart av privat detaljreguleringsarbeid for del av gnr. 50 bnr. 1 Maldal i Sauda kommune. Oppdragsgjevar er Fibi AS. 

Føremålet med planen er å legge til rette for bygging av opp mot 40 fritidsbustader med veg, fellesområde og grøntareal. Planområdet ligg i nær tilknyting til plan ID 2004004 Gnr/bnr 50/1 Maldal, som ei utviding mot nord, og vert ei utviding av det allereie utbygde området ved Maldalsvatnet. 
Området skal byggast ut med veg inn i området med avgreiningar til tomter for fritidsbustader. Det skal etablerst møtestader for felles aktivitet, slike som akebakke og gapahuk innafor planområdet. 
I kommuneplanen er området sett av til fritidsbustader med bygging i klynger med stiar fram til hyttene. 
Planområdet er totalt 119 daa. 
 
Innspel eller kommentarar til planarbeidet kan sendast til Norconsult AS, Lagarhusvegen 5, 4230 SAND eller på e-post til arne.espeland@norconsult.com eller firmapost@norconsult.com. Spørsmål kan rettast til Arne Espeland på tlf. 970 10 254. 

Varsel om detaljregulering del av gnr. 50, bnr. 1 i Sauda kommune, PlanID 2021002 (PDF, 949 kB)

Planinitiativ (PDF, 581 kB)

Referat fra oppstartsmøte Maldal (PDF, 207 kB)