Formannskapet

Ordfører Asbjørn Birkeland - Klikk for stort bilete Ordførar i Sauda, Asbjørn Birkeland, Senterpartiet.

Formannskapet har 7 medlemmer med varamedlemmer valt av kommunestyret etter dei reglar som går fram av kommunelova, jfr. kommunelova § 8. Vala gjeld for den kommunale valperioden. Opprykk og nyvalg skjer i samsvar med § 16 i kommunelova.

Ordførar, eventuelt varaordførar, leiar møta i Formannskapet.

Formannskapet er valt for perioden 2015-2019  i sak 061/15 og har følgjende samansetning:

 

Senterpartiet/Kristeleg Folkeparti
 

Representantar
1. Asbjørn Birkeland, SP
2. Kristine Rafdal, SP
3. Lillian Nordengen, SP
4. Kristian Landro, KrF

Vararepresentantar
1. Karl Erik Handeland, SP
2. Eirik Daniel Fatnes, SP
3. Ivar Johannes Handeland, SP
4. Sigrid Bojesen Fatnes, SP
5. Per Aksel Birkeland, SP

 

Arbeiderpartiet/Sosialistisk Venstreparti

 

Representantar
1. Asle Rafdal, AP
2. Ingrid Hillestad, AP

 

Vararepresentantar
1. Øyvind Viland, AP
2. Lisa Jane Stornes, SV
3. Kjell Reidar Austarheim, AP

Høgre
 

Representant
1. Knut Atle Seim, H

Vararepresentantar
1. Dagfinn Birkeland
2. Katrine Skorpe

 

 

Ansvarsområde og oppgåver:

I tillegg til det ansvar og dei oppgåver som er pålagt Formannskapet direkte etter kommunelova, skal Formannskapet fatta avgjerd i saker som Kommunestyret har gitt Formannskapet fullmakt til å avgjere, jfr. delegasjonsreglementet. Formannskapet er særskilt klageorgan i saker der avgjerd er tatt av andre folkevalgte organ og administrasjonen. Formannskapet er også plannemnd.

Formannskapet fører kontroll med at vedtak innanfor sitt ansvarsområde vert utført.

 

Formannskapet har innstillingsrett til Kommunestyret i følgjande saker:

  • økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak etter kommunelova
  • periodiske endringar/justeringar av økonomiplan/årsbudsjett, forslag til rammer for økonomiplanen og årsbudsjettet
  • alle andre saker der avgjerd kan ha økonomiske konsekvensar eller innstillingsrett ikkje spesifikt er lagt til andre organ

 

Tiltaksnemnd

Heile formannskapet utgjer tiltaksnemda i kommunen. Tiltaksnemnda handsamar næringssaker.

 

Klagenemnda

Klagenemnda har 5 representantar og to varamedlem. Alle frå formannskapet.

 

Ad-hoc utval/Arbeidsutval

Kommunestyret og formannskapet kan setje ned samansette arbeidsgrupper for å utgreie saker til handsaming.

 

Formannskapsmedlemmene med kontaktinformasjon til telefon og epost.

Sist endra 25.04.2016
Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964 979 367
Kontonr.
: 3520 62 17705
Kommunenr.
: 1135
Artikkel (1)