Politiske styrer, råd m.m.

Ordfører Asbjørn Birkeland - Klikk for stort bilete Ordførar Asbjørn Birkeland
Telefon: 52786300

Epost til ordførar
 

Sauda kommunestyre har i dag 19 representantar og Sauda formannskap har 7.

I samband med evaluering av den politiske organiseringa våren 2007, vart det vedteke at saker som skal til politisk behandling skal gå direkte til kommunestyret, med unntak av saker som må gjennom andre utval først. Målet med å få flest mulig saker direkte til kommunestyret er  at alle folkevalde skal få vera med i debatten og fatta vedtak i ulike saker.

Det er i snitt lagt opp til eitt kommunestyremøte og eitt formannskapsmøte pr. månad. Unntaket er juli månad. I løpet av året fattar kommunestyret vedtak / gir uttale i nærare 100 større og mindre saker, noko som vitnar om høg aktivitet i kommunen. Den politiske møteplanen.

Formannskapet er òg planutval, økonomiutval, tiltaksnemd og miljøutval. Fem av medlemmene i formannskapet utgjer Klagenemd.  Berre plansaker, økonomisaker og miljøsaker skal gjennom  desse utvala før dei går til kommunestyret.

Formannskapet har ein eigen pott avsett i budsjettet og der utvalet kan yta støtte etter søknader til ulike formål eller bruka til andre tiltak. Formannskapet er også det organet som deler ut kulturpris og/eller ærespris frå Sauda kommune.

 

 

I  tillegg er det politisk representasjon i ulike råd, nemnder, stiftingar og styre.

Ansvarleg Asbjørn Birkeland. Sist endra 25.04.2016
Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964 979 367
Kontonr.
: 3520 62 17705
Kommunenr.
: 1135