Høyring, forslag til planprogram kommuneplan for Sauda 2018-2030

Kommunestyret i Sauda vedtok forslag til planprogram for kommuneplan i møte den 21.06.2017, saksnr. 041/2017. .

Eit planprogram er ei oppskrift på arbeidet som skal gjerast i ny kommuneplan. Utfordringane og moglegheitene kommunen har, og korleis me vil jobba vidare med dette skal beskrivast i planprogrammet. Dette er grunnlaget for kommuneplanarbeidet, og framlegging av planprogram til offentleg gjennomsyn er eit varsel om at kommuneplanarbeidet startar. Planprogrammet blir gyldig når det er fastsatt av formannskapet. Fastsetting skal skje etter høyringsperioden som er planlagt fram til 30.08.2017.

 

Gjeldande kommuneplan frå 2012 skal reviderast, både samfunnsdelen og arealdelen. Samfunnsdelen er retningsgivande for kommunens arbeid, og arealdelen er juridisk bindande. Kap 3 handlar om føremålet for planarbeidet. I kap 6 er det forslag til satsingsområde for kommuneplanen. Kapittel 8 beskriv satsingsområda i samfunnsdelen, og arealdelen ligg i kap 9. Desse avsnitta er dei delane av planprogrammet me er spesielt interessert i å få tilbakemelding på.

Kommuneplanprosessen skal gje rom for medverknad. Kap 5 seier noko om korleis dette er tenkt, og inneheld ein invitasjon til å komma med innspel. Me er allereie i gong med involveringsprosessar, gjennom spørreundersøkingar og utgreingar av tema.

I løpet av hausten vil det bli lagt opp til temamøter, som kunngjerast når datoar er fastsett.

 

Når forslag til planprogrammet er fastsett i formannskapet, startar arbeidet med hovudplanen. Sauda kommune vil også invitera til deltaking i samband med dette.

Planprogrammet finn du her

Om du ønskjer tilsendt andre saksdokument i saka, eller vil ha informasjon om medverknad og møter, kontakt kommuneplanleggar i Sauda kommune, telefon 90803743


Frist for innspel til planprogrammet er sett til 30.08.2017. 
Eventuelle uttalelser/merknadar kan sendast elektronisk via høyringslink eller skriftleg til
Sauda kommune
v/kommuneplanleggar
Pb. 44
4201 Sauda

 


 

Fant du det du lette etter?

Kategori

Barn- og ungdom Meddommer
Bustad- og eigedom Miljøretta helsevern
Helse, omsorg, trygd og sosial Næring og landbruk
Kontakt oss/høyringsuttale/meld feil Skatter og avgifter
Kultur og fritid Skule- og utdanning
Lønn- og personal Søke stilling

Logg inn


Generell informasjon