Høyring - Hovudplan bilskogsvegar 2017 - 2030

Sauda kommune har utarbeidd Hovudplan skogsveg som er ein temaplan for delar av skogbrukets infrastrukturbehov. Utarbeiding av planen er forankra i Kystskog-meldinga frå 2008. Meldinga er vedtatt av ni fylkeskommunar frå Rogaland til Finmark og legg opp til ei dobling av verdiskapinga i skogbruksnæringa frå dagens nivå kring 17 mrd kr til omlag 40 mrd kr innan 2020.

For å nå verdiskapingsmålet er utbygging av ein rasjonell infrastruktur sentral.

I Rogaland er Kystskogmeldinga følgt opp gjennom ”Handlingsplan for skogbruket i Rogaland”  (2009) og ”Regionalplan for landbruk” (2011).

Hovudplanen skal ikkje framstå som eit styrande dokument, men opplysa og rettleie skogeigarar som potensielle tiltak. Den er ikkje juridisk bindande, og bestemmer ikkje kva tiltak som skal/ ikkje skal utførast på eit bestemt areal. Kvar einskild skogeigar bestemmer eige aktivitetsnivå. Alle tiltak må uansett søkast på vanleg måte, sjølv om dei er dekka av hovudplanen.

Vegnamn nytta i planen er kunn foreløpige arbeidstitlar, og vil revurderast ved eventuell realisering av vegen.

Sauda kommune ønskjer nå å vedta Hovudplan skogsvegar og sender planen ut på høyring. Høyringsfrist er 31.jan 2017 og vil etter dette vedtas av kommunen. Ved behov be om lengre frist.

Innkomne uttalelser sendes skriftleg til Sauda Kommune, postboks 44, 4200 Sauda , pr. e-post til  Bernt.Schibevaag@Sauda.kommune.no eller via elektronisk høyringslink.

Hovudplan (PDF, 8 MB)

Fant du det du lette etter?

Kategori

Barn- og ungdom Meddommer
Bustad- og eigedom Miljøretta helsevern
Helse, omsorg, trygd og sosial Næring og landbruk
Kontakt oss/høyringsuttale/meld feil Skatter og avgifter
Kultur og fritid Skule- og utdanning
Lønn- og personal Søke stilling

Logg inn


Generell informasjon