Oppstartsvarsel - Endring av reguleringsplan "Trosavikåsen" på del av Gnr./Bnr. 22/173

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til endring av gjeldande reguleringsplan for Trosavikåsen på vegne av Sauda Hytteutvikling.

Planområde

Avgrensing av planområdet går fram av vedlegg 1; «varslingskart». Eksisterande planområde skal utvidast med ei tomt på om lag 1 daa mot nord-vest og justerast etter veg mot aust.

Formålet med endringa i reguleringsplanen

Siktemålet med planarbeidet er å tilpasse plankartet til veg, justere eigedomsgrenser og føremålsgrenser, samt legge inn ei ny bustadtomt.

Endringa

Endringane vert referert til vedlegg 3; «Skisse for endringa». For B1, B5-8 og B12 vert det gjort justering av eigedomsgrenser. Felt B9 vert utvida mot aust. B13 skal utvidast med arealet som ligg mellom H1 og B13.

 

 Arealformål

Aktuelle arealformål er:

  1. Bygningar og anlegg
    - Bustadar - Frittliggjande
    - Konsentrert bustadområde
    - Leikeplass
  2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur
    - Køyreveg
    - Parkering
    - Anna veggrunn
    - Trafokiosk
  3. Grøntområder
    - Friområder

Merknader

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 10.02.2016.
Merknader kan òg sendast pr. e-post innan same dato.

Etter denne dato blir sjølve planframelegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.

Varslingskart (PDF, 395 kB)Gjeldende plan (PDF, 590 kB)Skisse for endringane (PDF, 2 MB)

Fant du det du lette etter?

Kategori

Barn- og ungdom Meddommer
Bustad- og eigedom Miljøretta helsevern
Digital postkasse - konkurranse Næring og landbruk
Helse, omsorg, trygd og sosial Skatter og avgifter
Kontakt oss/høyringsuttale/meld feil Skule- og utdanning
Kultur og fritid Søke stilling
Lønn- og personal

Logg inn


Generell informasjon