Oppstartsvarsel for regulering i Nordstøldalen

Regulering på del av Gnr./Bnr. 23/2, 24/1, 24/2 og 26/4 i Nordstøldalen.

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, blir det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsplan i Nordstøldalen på vegne av grunneigarane Elfinn Birkeland, Hallgeir Amdal, Halvard Erga Rød og Lars Reidar Fosstveit.

Formålet med reguleringsplanen

Hovudsiktemålet med planarbeidet er å leggja til rette for utbygging av frittliggande fritidsbustader med vegframføring og heilårsparkering.

Planområde – kommuneplan

Avgrensing av planområdet går fram av vedlagt varslingskart og utgjer om lag 650 da.
Området ligg ved innfallsporten til Nordstøldalen på austsida av Risvollelva og stig frå 250 moh til om lag 400 moh. Terrenget er kupert med myrområder, plantefelt og spreidd småskog.

I gjeldande kommuneplan inngår varsla planområde i LNF-område, sone 2 (LNF-område med spreidd fritidsbusetnad) og ein del i LNF-område, sone 1.
På Gnr./Bnr. 23/2 vart det i juli 2015 varsla oppstart av reguleringsarbeid for området ved Skeivane. Det er utarbeidd planforslag, ros-analyse og ras-vurderingar. Planen med merknader som kom inn, vert no innlemma i denne nye planvarslinga. Dette planområdet er vist med skravur i vedlegg 1.

Tilgrensande planar

På Gnr./Bnr.23/1 er det under utarbeiding eigen reguleringsplan. Vegtilknyting mellom Brekkestølsbråtet og Skeivane går over området for denne planen. Det vart i formannskapsmøte 18.11.2015 sett føringar for det vidare arbeidet:
Grunneieren av gnr. 23 bnr. 1 må utvide framlagt forslag til reguleringsplan til å omfatte området mellom kommunal veg og elva slik at det ikke blir liggende igjen noen små uregulerte områder når omkringliggende områder blir regulert. Grunneieren må også sørge for vinterparkering i henhold til vedtaket i formannskapet den 2. sept. 2015, før planen kan sendes ut på høring og offentlig ettersyn.

Arealformål

Aktuelle arealformål er:

  1. Bebyggelse og anlegg:
    - Fritidsbustader
    - Uteopphaldsareal - Leikeplass
  2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur
    - Køyreveg - snuplass - parkering
    - Skiløyper
  3. Grønnstruktur
    - Friområde
  4. Landbruks, natur og friluftsområde
    - LNF - områder

Tilkomstveg og parkering

Tilkomstveg opp til Brekkestølsbråtet skal utbetrast med fleire møteplassar og sikringstiltak.
Vegen er tenkt vidareført frå parkeringsplass ved Brekkestøl med forgreining til Rødsåsen via vegen til Skuggane. Eksisterande grusvegar er elles tenkt oppgradert og brukt som tilkomstveg. Parkeringsplassar skal etablerast for hytteigarar og besøkande.

Konsekvensutgreiing

Det er av kommunen i oppstartsmøte ikkje satt krav til konsekvensutgreiing.

Merknader

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 10. februar 2016.
Merknader kan òg sendast pr. e-post innan same dato.

Varslingskart (PDF, 3 MB)

 

Fant du det du lette etter?

Kategori

Barn- og ungdom Meddommer
Bustad- og eigedom Miljøretta helsevern
Digital postkasse - konkurranse Næring og landbruk
Helse, omsorg, trygd og sosial Skatter og avgifter
Kontakt oss/høyringsuttale/meld feil Skule- og utdanning
Kultur og fritid Søke stilling
Lønn- og personal

Logg inn


Generell informasjon