Varsel om oppstart av arbeidet med kulturminneplan i Sauda

Sauda kommune skal utarbeida kulturminneplan. Ein slik plan skal gje oversikt over viktige kulturminne/kulturmiljø og innehalda ein plan for forvaltninga av desse. Kulturminneplanen skal gje kunnskap om fortida og avklara kva kulturminne ein vil ta vare på i framtida. 

Sauda kommune har fått støtte frå Riksantikvaren til arbeidet med planen.

Kulturminneplanen skal vera ein temaplan. Temaplan for kulturminne skal vera grunnlag for arbeidet med sentrumsplan og kommuneplan for Sauda. Arbeidet er politisk forankra i Sauda kommune sin planstrategi vedtatt hausten 2015.

Temaplanen skal vera Sauda kommune sitt strategidokument for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø i Sauda. Dei måla Sauda kommune har sett innanfor dette feltet skal sikra god forvaltning og formidling av kulturminne i Sauda over tid.  

Ein temaplan gjev i seg sjølv ikkje juridisk bindande vern, berre faglege vurderingar og tilrådingar. Først ved kartfesting og planavgjersler innarbeidd i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan, vil nyare tids kulturminne eller heile kulturmijø få ein juridisk bindande vernestatus. Temaplanen for kulturminne skal derfor implementerast i kommuneplanen. 

Sauda kommune ønskjer å invitera interne og eksterne partar til å komma med innspel til kulturminneplanen.

Ev. spørsmål kan rettast til kultursjef Åshild Marie Øverland, tel. 52 78 62 00 eller e-post.

Innspela kan sendast på e-post til postmottaket eller elektronisk via våre nettsider

Fristen er 17.10.17 
 

Fant du det du lette etter?

Kategori

Barn- og ungdom Meddommer
Bustad- og eigedom Miljøretta helsevern
Helse, omsorg, trygd og sosial Næring og landbruk
Kontakt oss/høyringsuttale/meld feil Skatter og avgifter
Kultur og fritid Skule- og utdanning
Lønn- og personal Søke stilling

Logg inn


Generell informasjon