Formannskapets vedtak i sak om budsjett 2017 - økonomiplan 2017-2020

Formannskapets innstilling til Kommunestyret til budsjett 2017 - økonomiplan 2017-2020 til offentlig gjennomsyn.

 

Formannskapets innstilling ligger også på Kundetorget. Kommunestyret vedtar budsjettet i møte 14.12.2016.

1. Ordførar si godtgjersle blir sett til 100 % av ein stortingsrepresentant si
godtgjersle og følgjer lønsutviklinga til stortingsrepresentantar. Vedtatt i KOM-sak 109/13.

2.a Det framlagte forslaget til budsjett for 2017 og økonomiplan for 2018 - 2020, samt avgifter, gebyr og betalingssatsar for 2017 i vedlegg 1 til Økonomiplandokumentet blir godkjent med endringar.

2.b Kommunestyret viser til sitt vedtak ved handsaminga av økonomiplanen for 2011- 2014, punkt 1b om å justera drifta og andre aktivitetar i kommunen for å tilpassa tenestetilbodet til inntektene, og skapa rom for sparing og til sikring av kommunale tenester i år med svikt i variable inntekter.

Kommunestyret viser til vedtak i sak 090/2016

Kommunestyret gir rådmannen i oppdrag å vidareføra arbeidet med å finna innsparingar og inntektsauke, med målsetting om å ha eit reelt overskot i driftsrekneskapen på 1,7% i budsjettet for 2017.

3 Forslag til budsjett for ansvar 9000 – 9004 ( skattar, rammetilskott, øyremerka tilskott, heimfallsleige, kompensasjonar med meir), ansvar 9100- 9600 (renter, avdrag og forbruk / avsetting til fond) for 2017, blir godkjent.

4 I driftsbudsjettet gir kommunestyret rammeløyvingar etter nettometoden. Det vil seia at det blir løyvd ei netto ramme til kvart tenesteområde. Nettoramma kjem fram ved å trekke inntektene frå utgiftene. Nettoramma for driftsbudsjettet per tenesteområde er som følgjer:

Politisk nivå og fellestenestar:

Netto driftsramme: Kroner 31 505 000,-

(Inklusive Sauda kyrkje Kroner 2 777 000,-)


Oppvekst og kultur med introduksjonstenesta

Netto driftsramme: Kroner 95 232 000,-


Helse og omsorg med barnevern og Nav

Netto driftsramme: Kroner 163 508 000,-


Teknisk, inkludert havnekassa

Netto driftsramme: Kroner 45 887 000,-

Avskrivingar og kalk/ renter Kroner -23 911 000,-

Total ramme Kroner 312 200 000,-

Nettorammene er inklusive avskrivingar og kalkulatorisk kostnad (VAR), men eksklusiv avsetning til, og forbruk av fond. Tala er avrunda til heile tusen.

Rådmannen har fullmakt til å fordele ramma til kvar eining innafor dei respektive tenesteområda. Rådmannen gis fullmakt til å "fryse" budsjettpostar og ledige stillingsheimlar. Ledige stillingar skal nøye vurderast med omsyn til alternativ organisering for å løyse arbeidsoppgåver utan nytilsetting.

5 Kommunestyret vedtek økonomiplanen og oppstillinga som går fram av Økonomiplan 2017- 2020. Dette omfattar frie inntekter, finansinntekter og finansutgifter, avsettingar og forbruk av avsetningar, samt rammer for tenesteområda i økonomiplanperioden slik det går fram av vedlegget for åra 2017-2020. Kommunestyret føresett at nye tiltak ikkje blir sett i verk utover planleggingsstadiet før det ligg føre særskilt vedtak i kommunestyret og løyvingar i årleg budsjett.

6.a Investeringsbudsjettet for 2017 med brutto løyving på utgiftsida og tilsvarande finansiering på inntektssida, blir vedtatt med endringar.

6.b. Investeringsbudsjett for åra 2017, 2018, 2019, 2020 og den oppstillinga som går fram av eige Investeringsoversikt økonomiplan 2017- 2020 per "WBS/ prosjekt", blir vedtatt.

8. Rådmannen gis fullmakt til å omdisponera midlar i investeringsbudsjettet til vedtekne prosjekter. Delegasjonen grenses til ein million kroner. Om slik omdisponering vert gjennomført skal formannskapet informerast.

9 Skattesatsane for inntektsskatt og formueskatt skal vera i samsvar med maksimalsatsane vedtatt i Stortinget sitt skattevedtak.

10 Eigedomsskattevedtak for året 2017 i Sauda kommune.

Virkeområde

For skatteåret 2017 skal det skrivast ut eigedomsskatt på "verk og bruk", næring og faste eigedommar i heile kommunen. Jf. lov om eigedomsskatt til kommunane (eskl.) § 3 første ledd, bokstav a.

a) Eigedomsskattesats:

a. Den alminnelige eigedomsskattesatsen for 2017 er 7 promille, jf. eskl. § 11 første ledd.

b. Differensiert skattesats for bustaddelen i eigedommar med sjølvstendig bustaddel, med tilhøyrande tomt, for 2017 er 3 promille, jf. eskl. § 12 bokstav a).

b) Takstvedtekter:

a. Takstvedtektene for eigedomsskatt i Sauda kommune vedtatt i kommunestyret i sak 109/12 av 12. desember 2012.

c) Terminar:

a. Skatten vert skrive ut i fire terminar, jf. eskl. §25 første ledd.

d) Takster:

a. Den førre allmenne taksering var gjeldande frå og med 2013.

e) Unntak frå eigedomsskatt i høve til eigedomsskattelova § 7 a og b:

? Fylkeskommunale skular

? Sauda VGS på Lofthus

? Sauda VGS avdeling Birkeland

? Idrettsanlegg og hallar

? Turnhallen , Skulegata 29

? Lyngmyranlegget, Ny Von

? Golfbanen med klubbhus og anlegg
? Eigedommar tilhøyrande følgjande frivillige organisasjonar:

? Speidarhuset , Håkonsgata

? Sauda ungdomslag, Espelandsveien

? Frelsesarmeen, Skulegata 22

? Pinsekyrkjelyden Salem, Espelandsvegen 6

? Betel, Indremisjonen, Mogata 1

? IOGT Losje Fjellbekken, Kyrkjegata 24

? Sauda Raude Kross, Åbødalsvegen 81

? Musikkhallen v/ Sauda musikklag

? Sauda Jeger og Fiskeforening, klubbhus med anlegg

? Brakamoen barnehage, Andersengja

? Industriarbeidermuseet, Håkonsgata

? Bedehuset Saron

? Tinghaug

* Sauda Folkets hus A/S

Eigedom tilhøyrande andre stiftingar/ organisasjonar vil bli vurdert fritatt for eigedomsskatt av kommunestyret på grunnlag av søknad.

11 Sauda kommunestyre godkjenner bruk av næringsfond til lønn for inntil en halv stilling inklusive sosiale utgifter. Kroner 478 000,- Stillinga skal ha fokus på kommunen sitt næringsarbeid.

12 Sauda kommunestyre sluttar seg til kommunedelplan for helse og omsorg, handlingspan for psykiatri, kommunedelplan for oppvekst og kultur, overordna beredskapsplan og klimaplan som alle må vurderast i samanheng med budsjettet for 2017 og økonomiplanen for 2018- 2020.

13 Kommunestyret vedtek å ta etterreguleringar/uttrekning av kommunen sine pensjonskostnader, slik det går fram i aktuarutrekningar i Kommunal Landspensjonskasse og i Statens Pensjonskasse, over 10 år.

Kommunestyret opnar for finansiell leasing der kor regelverket krev dette (rammeavtalar innkjøp) og med tilsvarande overføring av midlar mellom driftsrekneskapet og investeringsrekneskapet og bokføring av låneopptak slik regelverket krev for finansiell leasing.

14 Det blir vedteke å ta opp følgjande lån i 2017:

? Kr. 11 500 000,- til investeringar i VAR

? Kr. 15 600 000,- til IKT, bygg og anlegg

? Kr. 1 500 000,- til vidare utlån- startlån frå Husbanken.

Rådmannen blir delegert myndighet til å ta opp lån og godkjenna endelege lånevilkår, avdragstid, rente og å binda renta for lån innarbeidd i budsjettet og vedteke av kommunestyret, jf finansreglement. Avdragstid og sum må vere innafor grenser som kommunelova set, jf. Kommunelova § 50 nr. 7. Delegeringa gjeld i heile lånet si løpetid.

 

Enstemmig vedtatt.

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135