Folkehelsekoordinator

Folkehelsearbeid er samfunnet sin samla innsats for å styrke dei faktorane som direkte eller indirekte fremmer helse og trivsel i befolkninga, samt å svekke faktorar som medfører helserisiko. Det overordna målet i folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, samt å redusere sosial ulikskap i helse.

Folkehelse blir skapt på ulike arenaer og vert påverka av blant anna oppvekst, bumiljø, utdanning, inntekt, arbeid og livsstilsvalg.

Partnerskapsavtale

Sauda kommune vedtok hausten 2014 at folkehelse er eit av fire gjennomgåande perspektiv i kommuneplanens samfunnsdel – Vi skal med andre ord tenke folkehelse i alt vi gjer.

Sauda kommune har sidan 2010 hatt partnarskapsavtale med Rogaland fylkeskommune.

Lov om folkehelse

Folkehelselova legg til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid, og handlar om det kvar einskild av oss, kommunen og samfunnet kan gjere for at vi skal få eit sunnare og friskare folk. Folkehelselova legg ansvaret for folkehelsearbeidet på heile kommunen.

Folkehelsekoordinator

Sauda kommune har sidan november 2015 hatt folkehelsekoordinator tilsett i 50 % stilling. Folkehelsekoordinator arbeider både med forankring av folkehelsearbeidet og konkrete tiltak.

Ta gjerne kontakt med folkehelsekoordinator Aslaug Tangeraas  (epost) om du har spørsmål eller forslag til tiltak. Mobil 93610950.

 

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135