Radon

Radon måler - Klikk for stort bilete Radon er ein radioaktiv edelgass som blir avgitt frå fleire relativt vanlige bergartar i Noreg. Som andre radioaktive stoff har også radon den eigenskap at den blir spalta ved å sende ut partiklar i form av stråling. Huda vår vernar oss mot strålinga frå radon i lufta. Men når me pustar inn radongass i lungene kan strålinga frå partiklane over tid føra til lungekreft. Risikoen aukar med aukande radonkonsentrasjon. Det er sett ei grense på 100 Bq pr kubikkmeter radon i lufta inne i hus.

 

Kor måler ein radon?

Måling av radon bør gjerast i lufta inne i bustadhus, skuler, barnehagar og andre bygg. Målingane bør gjerast i rom der ein er mykje. Radon kan også vera i grunnvatn. I hus med for høg radonkonsentrasjon og i drikkevatn frå grunnvatns, bør radonnivået målast.

 

Korleis måla radon?

Det er fleire måtar å måla radonkonsentrasjonen på.  Ein av dei enklaste, og rimelegaste måtane er med ein sporfilmdetektor.

Sauda kommune har sidan 1996 gjort sporfilmmålingar i eigne bygg.  Me har òg gitt tilbod til innbyggarane om tilsvarande målingar til sjølvkost.  Sidan 1996 er det gjort til saman om lag 650 einskildmålingar, dei fleste i private bustader.  Dette har gitt oss eit bilete av førekomstane av radongass i kommunen.  Dei største konsentrasjonane er funne i bygningar som ligg på Storelv-deltaet, d.v.s. Birkeland, Sønnå, Rød, Brekke og Åbøbyen.

Dei organiserte målingane me tilbyr er kvart år er gjennomførte i vinterhalvåret, frå november til februar. Dette blir annonsert i Ryfylke i god tid før målingane startar, slik at folk kan melda seg på.  Når kommunen skaffar målarar og sender målarane inn for analyse, er prisen for ein målar med analyse vel halvpart av den elles ville kosta.  Hausten 2012 var prisen for ein målar omlag 250 kroner.

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135