Barneverntenesta

Frå 1. september 2017 er barneverntenestene i Suldal og Sauda kommunar slått saman til ei felles barnevernteneste, Indre Ryfylke barnevern, med Sauda som vertskommune.

Besøksadresse Sauda:     Åbødalsveien 79 (2. etasje i «epidemien»)
Besøksadressa Sand:       2. etasje på Helsetunet på Sand. 
Postadresse:                     Postboks 44, 4201 Sauda
Åpningstider:                     Måndag til fredag fra kl. 8.00-15.00.
Leiar:                                 Knut Atle Seim, tlf. 52786178/90873918 
 
Barnevernet skal vera ein garanti for at alle barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmulegheiter. Det skal beskytta barn mot omsorgssvikt og motvirka at barn blir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gi hjelp og støtte slik at heimen skal kunna makta sitt oppdragsansvar, men det har også plikt til å gripa inn om dette ikkje nyttar.

Barnets beste

Eit overordna prinsipp for arbeidet til barneverntenesta er at tiltak som blir sett i verk skal vera til barnets beste. Dette er nedfelt i «Lov om Barneverntjenester» som har som formål å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid, samt å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår jfr § 3-1.
«Lov om barneverntjenester» gjeld barn under 18 år. Dersom ungdommen samtykker, kan likevel tiltaket halda fram eller bli erstatta av andre tiltak inntil 23 år. 

For å kunna ivareta barn og unge i Indre Ryfylke etter «Lov om Barneverntjenester» er barneverntenesta avhengig av informasjon frå andre (private eller offentlege instansar). Dersom barneverntenesta mottar bekymringsmelding om at barn, ungdom eller familiar har det vanskeleg har barneverntenesta ei lovbestemt plikt til straks å undersøka korleis situasjonen er, og, om nødvendig, setta i verk hjelpetiltak i samarbeid med foreldra.

Vanlege hjelpetiltak kan vera:

  • Råd og rettleiing
  • Støttekontakt
  • Plass i barnehage/SFO
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Familieråd
  • Besøksheimar
  • Tiltak som stimulerer barnet/ungdomen til fritidsaktivitetar
  • Økonomisk støtte i form av pengar til for eksempel fritidsaktivitetar
  • Formidling av plass i fosterheim, mødreheim eller institusjon
  • Vise til andre instansar som kan yte hjelp og støtte for eksempel PPT, BUP


Dette kan du venta av oss

  • Tilsette i barneverntenesta skal møta alle familiens medlemmer med respekt og behandla desse på ein høfleg og verdig måte.
  • Nødvendige tiltak skal så langt som muleg utformast i nært samarbeid med dykk.
  • De skal få forståeleg informasjon om rettar og plikter og våre vurderingar av barna sin situasjon.
  • Viktig informasjon som de eller andre gir oss, skal samlast og arkiverast i tråd med gjeldande lovverk. De har innsynsrett i eiga sak. 
  • Alle tilsette i barneverntenesta har teieplikt.
  • Ei henvending skal væera gjennomgått innan ei veke.
  • Dersom barneverntenesta skal vurdera om det er nødvendig å sette inn tiltak i dykkar familie, skal dette som hovudregel vera undersøkt og avklart innan tre månader.

 

I utgangspunkt er det dei biologiske foreldra som har ansvar for barns omsorg og oppseding, jfr. «Det biologiske prinsippet». I nokre tilfelle vil likevel ikkje hjelpetiltak vera tilstrekkeleg hjelp for barnet/ungdomen og då må me vurdera tiltak som omsorgsovertaking og plassering i fosterheim eller institusjon. Dette er det berre fylkesnemnda som kan fatta vedtak om. Fylkesnemnda kan òg gi pålegg til foreldra å ta imot hjelpetiltak.

Indre Ryfylke barnevern har per i dag ikkje vakt utanom kontortid.

Dersom du er bekymra for eit barn/ungdom kan du ta kontakt med barnevernleiar eller alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111
 

Andre nyttige nettstadar:
Barneombudet - temaside barnevern 
Bufetat
Lov om barn og foreldre
Lov om barnevernstjenesten
Tips Kripos
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Voksne for barn
Kompetansesenter for kriminalitetsforebygging
Regjeringen.no
 

Er du bekymra for eit barn?


Mange er i tvil om når det er riktig å melda frå til barnevernet. Det kriminalitetsforebyggende råd (KRÅD) har utvikla 10 spørsmål og svar for å hjelpa deg som er bekymra for eit barn.
Spørsmåla finn du her (PDF, 189 kB)

 

 

Navn Stilling Telefon
Aarhus, Hilde Barnevernkonsulent 52 79 22 67
Bjørndal, Vigdis K. Barnevernkonsulent 22 79 22 60
Guggedal, Tove Merkantil 52 78 60 30
Hiim, Katrine A. Barnevernkonsulent 52 79 22 51
Hugdal, Christina Lunde Barnevernkonsulent 52 78 61 77
Iversen, Siv Tone Barnevernkonsulent 52 79 22 59
Michalsen, Hege Fagansvarlig 52 78 61 79
Seim, Knut Atle Leiar 52 78 61 79 / 908 73 918
Seltveit, Åse Barnevernkonsulent 52 78 60 48
Skaar, Christina Marie Barnevernkonsulent 52 78 60 38
Skorpe, Synne F. Barnevernkonsulent permisjon
Starheim, Brith Yvonne Barnevernkonsulent 52 79 22 64
Underbakke, Olaug Miljøarbeidar 911 47 713


 

 

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135

Kontakt

Knut Atle  Seim
Knut Atle Seim
Enhetsleder Barnevernet
52786178