Pasientreiser

All informasjon du treng om pasienttransport i Helse Fonna finn du på nettsida .

Du kan òg kontakte Pasientreiser på telefon 0 55 15.

Helseekspressen - trygg og triveleg
Helse Fonna har eigen Helseekspress, som har vore i drift sidan november 2007. Ekspressbussen er i trafikk måndag til fredag på strekninga frå Haugesund sjukehus til Bergen, og med retur same dag.

Tilbakemeldingane på tilbodet er positive og pasientane nyttar Helseekspressen. Helsepersonellet om bord vil gi deg profesjonell bistand, om du skulle trenge det på turen, og dyktige sjåførar og spesialtilpassa buss sikrar deg ein behageleg transport.

 

Når kan du nytte Helseekspressen?
Når du skal til behandling eller undersøking ved helseinstitusjonar og spesialistar som har avtale med Helse Vest RHF.

 

Kven kan nytte Helseekspressen?
Tilbodet gjeld befolkninga i Helse Fonna sitt sjukehusområde. Bussen går ei fast ekspressrute, og ein blir brakt til busstoppa med drosje eller personbil.

 

Må du ha rekvisisjon eller innkalling?
Ja, for å nytte Helseekspressen må du ha rekvisisjon frå lege eller behandlar, eller eventuelt eit innkallingsbrev.

 

Kva kostar det?
Alle må betale eigendelen som er fastsett av Stortinget. Prisen er kroner 130 kvar veg i 2010. Personar med frikort og barn under 16 år slepp å betale eigendel.

 

Kven møter du på Helseekspressen?
Det er tilsett tre personar på bussen.

  • Ein sjåføren med opplæring i helsearbeid.
  • Ambulansearbeidar med fagbrev, som òg har hovudansvar for liggande pasientar.
  • Sjukepleiar eller hjelpepleiar med akuttmedisinsk kompetanse som hjelp dei andre pasientane.

 

 

Kvifor velje helseekspressen?
Samanlikna med alternative transportformer som til dømes drosje og ambulanse vil vi hevde at Helseekspressen er vel så trygg og triveleg.

 

Høg komfort
Bussen er innreia spesielt til formålet. Den har høg komfort med god plass til beina, og er utstyrt med eigen ambulanseavdeling med plass til tre liggande pasientar.

Anna utstyr du finn på Helseekspressen er heis for rullestol, handicaptoalett, radio, TV og DVD. Bussen har spesiallaga støytdemparar som gjer at ingen ujevnheiter i vegen blir ubehagelege for pasientane.

 

Trygg transport
Om til dømes ein pasient får brystsmerter på bussturen, kan ambulansepersonellet ta EKG av hjerte og overføre data direkte til hjerteovervakinga, som vurderer tilstanden. Med andre ord langt tryggare enn i ei drosje.

På Helseekspressen har du tilbod om å kjøpe enkel mat og drikke til kostpris.



Rutetider

Frå    Frå   
Haugesund sjukehus  07.30 Haukeland sjukehus 14.30
Aksdal 07.45 Halhjem  15.30
Haukås  08.10 Sandvikvåg  16.10
Føynå  08.20 Leirvik hurtigbåtterminal  16.45
Leirvik hurtigbåtterminal  08.45 Stord sjukehus 16.55
Stord sjukehus  09.00 Føynå 17.10
Sandvikvåg  09.45 Haukås 17.40
Halhjem  10.25 Aksdal  18.05
Haukeland  11.05 Haugesund sjukehus  18.20

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135