Barn og ungdom

Brannhydrant - Klikk for stort bilete

I Sauda kommune er arbeid blant barn og unge eit prioritert område. Førebyggjande arbeid blir særleg vektlagt.

Kultureininga legg til rette for omfattande aktivitetar for barn og unge. I tillegg til drift av kulturskulen og ungdomskafeen, leiger me lokalar til ungdomsklubb i Saudasjøen som blir driven av frivillige. Me er også engasjerte i Den kulturelle skulesekken og Ungdommens Kulturmønstring. I tillegg arrangerer me ei rekke barnetilstellingar i løpet av året, frå barnehageførestillingar på Folkets Hus til julearrangement på kinoen og biblioteket.

Frivillige organisasjonar og lag har også eit breitt tilbod til barn og unge, sjå lenke til oversikt under (Kultur og lagsliste 2012).

På kulturbudsjettet er det avsett midlar til driftstilskot og ulike andre ordningar der tilbod til barn og unge blir prioritert. Dette kan du lesa meir om under retningslinjer og søknadsskjema.

Sist endra 20.12.2016
Fant du det du lette etter?

Kontakt

Åshild Marie Øverland
Kyrkjegata 19 Postboks 44
4201 Sauda
E-post : ashildmarie.overland@sauda.kom..
Telefon
: 52 78 62 06

Org.nr.
: 964 979 367