Kulturskulen

Kulturskulen sin undervisning følgjer skuleruta i Sauda. Me inviterer elevar og føresette til møte ved skulestart. Her får alle informasjon og lærarane kan ilag med elevar og føresette fastsetje timeplan som me gjer vårt beste til å tilpasse eleven sine ønskje. Dette gjeld spesielt dei med individuelle timar, men me prøver og å tilpasse gruppeundervisninga slik at så mange som råd har høve til å delta.

 

 

Søk kulturskule her

 

Eit par gonger i løpet av eit skuleår løyser me opp skuleplanen og erstattar den med prosjekt. Dette gjeld for alle som går i kulturskulen, også kunst, dans, kor og drama.

Sauda kulturskule er ein aktiv og synleg kulturskule der elevane ofte opptrer på ulike arrangement i lokalsamfunnet i tillegg til kulturskulen sine eigne arrangement.

Å søkje:

Ein søkjer plass ved Sauda kulturskule

Dersom ein har fått plass i kulturskulen treng ein ikkje søkje på nytt til neste semester.

Seie opp plass:

Dersom ein ønskjer å seie opp plassen sin i kulturskulen, skal oppseiinga skje på Speed Admin eller på e-post til rektor.

Fristen for å melde seg av er 1. mai for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Hovudopptak er 1.mai kvart år. Ein kan likevel søkje om plass heile året, men dei som søkjer før fristen vert prioriterte når det er fullt.

 

Økonomi:

I tillegg til vanlig kulturskuleavgift må føresette rekna med at det kjem utgifter til noter og utstyr. Kulturskulen har små gitarar og fiolinar til leige.

På kunstlinja må ein betale ei materialavgift som dekkjer mesteparten av utstyret elevane nyttar på timane.

Lærarane hjelper til med råd/ tips om innkjøp til alle elevar som treng det.

 

Sjå elles vedtektene til kulturskulen i Sauda. (PDF, 216 kB)

 

Oversikt over tilboda i kulturskulen

 

Instrumentalopplæring

Alle som melder seg på instrumentalopplæring har rett til 45. min undervisning kvar veke. I Sauda kan ein melde seg på desse instrumenta til individuell opplæring: (i parentes nedre aldersgrense).

Fiolin (alle), gitar (3.kl), keyboard (1.kl), messing (4.kl), song (5.kl), trekkspel (3.kl), toradar (3.kl), tromme/slagverk (4.kl) og piano (1.kl).

Undervisningsstad: Desentralistert på dei ulike skulane i Sauda.

Undervisninga skjer på alle vekedagar.

 

Musikk frå livets begynnelse

Undervisninga går føre seg i biblioteket på føremiddagstid. Der samlast babyar og føresette til leik, song og rytmikk ein time i veka. Det er to grupper, delt inn etter alder på barnet.

0-2 år

Kunst

Elevane som arbeider med kunstfag lærer seg ulike teknikkar etter alder og nivå. Dei har utstillingar fleire gonger i året. Elevane er delte opp i grupper etter alder. 2-4 klasse, 5-10 klasse og elevar frå vidaregåande skule + vaksne elevar.

Nedre aldersgrense: 2. klasse

Undervisningstid: 60. min. pr. veke

Undervisningsstad: Formingsrommet på Ungdomsskulen.

Onsdagar kl. 16.00 – 19.00

 

Kor

Koret syng songar etter interesse, men det er og lagt vekt på songteknikk. Koret er delt inn etter alder på elevane. Begge kora er med på kulturskulen sine arrangement.

Nedre aldersgrense: 2.klasse

Undervisningsstad: Musikkrommet på Sauda ungdomsskule.

Onsdagar 17.00– 18.30

 

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Åshild Marie Øverland
Kyrkjegata 19 Postboks 44
4201 Sauda
E-post : ashildmarie.overland@sauda.kom..
Telefon
: 52 78 62 06

Org.nr.
: 964 979 367

Kontakt

Eli-Jorun  Tangeraas
Eli-Jorun Tangeraas
Rektor Kulturskulen
52786233