Stønadsordning. Retningsliner for kommunale stønadsordningar til kulturformål i Sauda kommune

Retningsliner for kommunale stønadsordningar til kulturformål i Sauda kommune.

 

Generelt

Lag og foreiningar som arbeider innanfor det utvida kulturomgrepet kan få stønad innanfor gjevne retningsliner.

Laget/foreiningen bør ha eksistert og fungert samanhengande i minst eit år.

Hovudregelen er at det bare blir gjeve tilskot til lag/foreiningar som arbeider i Sauda.

I enkelttilfelle kan det bli gjeve støtte til fylkeslag og liknande dersom dei gjev eit tilbod som enkeltpersonar i Sauda elles ikkje kan få dekka.

Følgjande får ikkje tilskot frå kulturmidlane:

Kommersielle klubbar og diskotek

Tiltak som utelukkande tar sikte på økonomisk vinning

Lag/foreiningar som får tilskot frå andre postar

Organisasjonar som har til oppgåve å ivareta medlemmene sine yrkesmessige eller økonomiske interesser.

Minimumsutbetaling for dei ulike årlege tilskota under dei ulike stønadsordningane er sett til kr. 500,-.

Formannskapet er klageinstans dersom søkjarar meiner at administrative vedtak er urimelege. Skriftleg klage må sendast Eining kultur seinast åtte dagar etter at svar på søknaden er mottatt. Dersom løyvd støtte ikkje blir brukt i samsvar med retningslinene, kan dette medføra krav om tilbakebetaling.

 

Tilskot idrett

Avsette midlar i budsjettåret blir utlyst i samband med kulturmidlane. Lag/foreiningar som kjem inn under denne kategorien, sender søknad på eige søknadsskjema til Sauda Idrettsråd, som sjølv behandlar søknadane. Midlane blir fordelt ut frå eigen fordelingsnøkkel vedtatt av årsmøtet.

Formannskapet er klageinstans ved eventuelle klagar på vedtatt fordeling. Klager må vera sendt Eining kultur seinast åtte dagar etter at melding om fordeling er mottatt.  

 

Driftstilskot til barne- og ungdomsformål

Lag/foreiningar som driv kontinuerleg barne- og ungdomsarbeid i Sauda kommune kan søkja om driftsmidlar.

Tildelte midlar skal i første rekke nyttast til drift/administrasjon av laget og skapa aktivitet blant medlemmane.

Lag/organisasjonar som samlar inn midlar til veldedige føremål utan å skapa kulturelle aktivitetar, fell utanfor støtteordninga.

Søknad om driftsmildar må innehalda siste års rekneskap, budsjett for søknadsåret, samt lagets samla medlemstal siste år (over og under 20 år).

Ved fordeling av driftsmidlane legg ein i utgangspunktet til grunn ein matematisk formel der 50 % av tilgjengelege midlar blir fordelt ut frå tal på medlemmar under 20 år. Det resterande blir fordelt ut frå rekneskap og budsjett, samt inneståande midlar hos det enkelte lag/foreining.

Driftstilskotet blir tildelt administrativt.

 

Etableringstilskot

Nye lag/foreiningar eller lag/foreiningar som har vore ute av drift i minst to år og ikkje har startkapital, kan få etableringstilskot på kr. 1.000,-. Laget/foreininga må før utbetaling framlegga eit styre på minimum tre personar og eit medlemstal på minimun 10 personar.

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Åshild Marie Øverland
Kyrkjegata 19 Postboks 44
4201 Sauda
E-post : ashildmarie.overland@sauda.kom..
Telefon
: 52 78 62 06

Org.nr.
: 964 979 367

Kontakt

Åshild Marie Øverland
Åshild Marie Øverland
Einingsleiar Kultur
52786206