PPT - Pedagogisk psykologisk teneste.

Besøksadresse: Åbødalsvegen 79, 2. etg. Helsesenteret
Postadresse: Postboks 44, 4201 Sauda

Opningstid: mandag-fredag 0800-1500

PP-tenesta er ei frivillig gratis teneste som er heimla i Opplæringslova. PP- tenesta er samorganisert med helsestasjonen, psykisk helse og barnevern på Helsesenteret.

Alle kommunar skal ha ei pedagogisk psykologisk teneste. Den er lovpålagt etter Opplæringsloven §5. PPT er primært ei teneste kor foreldre kan søkje råd i høve til barn og unge si utvikling, opplæring eller trivsel/tilpasning. Foreldra kan ta kontakt med PPT direkte eller i samarbeid med helsestasjon, barnehage eller skule. PPT kan vurdere om førskulebarn med særskilte behov har rett til spesialpedagogisk hjelp. Vaksne med særlege opplæringsbehov kan og ta kontakt. Tilmelding til PPT skal skje på eit eige utarbeida skjema.

Hovudmåla til PPT står i opplæringslova §5-6

  1. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Det er viktig å presisera at spesialundervisning skal vere for dei få.
  2. PP-tenesta skal hjelp skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særskilte behov.

     

Arbeidsmåtane til tenesta kan ofte delast inn i tre hovuddeler

  1. Utgreiing: PPT skaffer seg eit bilete av forutsetnadar og behov gjennom samtale, observasjon, testing og kartlegging.
  2. Sakkunnig vurdering: §5 i Opplæringslova gir føringar for rett/ikkje rett til spesialundervisning/spesialpedagogisk tiltak. Denne lovparagrafa saman med vår faglege kompetanse og utgreiing dannar grunnlaget for vurdering av rett/ikkje rett. Sakkunnig vurdering skal seie noko om innhald, organisering og omfang på evt. spesialundervisning/spesialpedagogisk skal ha.
  3. Oppfølging: PPT kan gje rettleiing til foreldre, ansatte i barnehagar og skular både på individ og systemnivå. Einskilde gonger vurderer me også vidare tilvisning til andre instansar i samarbeid med partane.
Sist endra 25.04.2016
Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964 979 367
Kontonr.
: 3520 62 17705
Kommunenr.
: 1135

Kontakt

Bente Baaserud
Fagkoordinator/pp-rådgiver
52786035