Risvoll skule

Risvoll skule - turdag - Klikk for stort bilete Livsglede og lærelyst!


Skulen ligg i Saudasjøen, 3 km frå Sauda sentrum like ved Sauda Fjord Hotell. Skuleåret 2014-15 har me 98 elevar og 18 tilsette. Skulen er bygd i 1962 med påbygg i 1981 og 1997.
Skulen ligg i flotte og landlige omgivnader i kort avstand til skog og mark. Dette nyttar vi mykje i undervisninga. Me har uteskule og skiskule.


Verdiar


Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter difor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna.

Borna kjem til skulen med undring, erfaring, lærelyst og engasjement. Vi tilpassar opplæringa slik at alle kjenner glede over meistring og framgang.
Borna ynskjer å vera positive, engasjerte og ha medverknad. Vi gjev dei høve til å møta situasjonar som krev val og engasjement og å hevda eigne meiningar. Elevane får aktivt vera med å forma og vidareutvikla skulen.

Kvart barn er eineståande og verdifullt. Vi oppmuntrar til å nytta ulike arbeids- og uttrykksformer og let alle utvikla dei sterke sidene sine, både i formelle læringssituasjonar og i samhandling og frileik.

Skulen er eit arbeidsfellesskap for utvikling av fagleg og sosial vekst. Foreldre, elevar og vaksne på skulen er rause med kvarandre, samstundes som vi har tydelege rammer og klare forventningar til arbeid som skal gjerast. Dei vaksne – heim og skule – står saman med elevane om å skapa ein levande skule prega av lagånd.


SFO


Risvoll har ein flott SFO med tett samarbeid med skulen og stort aktivitetstilbod i eigne vekeplanar. Opningstid frå skuleslutt til 15.30


Motto


Kunnskap gir trivsel

Heimeside er under arbeid.
Skulen nyttar læringsplattforma itslearning

 

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Jannicke Hatlen
Risvoll Postboks 44
4201 Sauda
E-post : jannicke.hatlen@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 63 21

Org.nr.
: 964 979 367

Kontakt

Jannicke Hillestad Hatlen
Jannicke Hillestad Hatlen
$(TITTEL)
Skular (1)
Artikkel (1)
Også viktig å få med (1)