SFO

 

Når ein skal søka om SFO må alle som har elevar i skulen nytta Visma Flyt Skole for å legga inn søknad.
Dei føresette som skal melde inn nye elevar må ta kontakt med aktuell skule for å få hjelp til å søka.

Søknad, endring og oppsigelse av SFO via Visma Flyt Skole

 Vedtekter for SFO (PDF, 167 kB)

 

Prisar SFO

 

Barneskulane i Sauda tilbyr skulefritidsordning for alle elevar på 1. - 4. årstrinn. For funksjonshemma barn kan opptak godkjennast heilt opp  t.o.m. 7. årstrinn.Eit godt måltid må ein ha - Klikk for stort bilete
Søknad, endring og oppsigelse av SFO skal skje via Visma Flyt Skole . Søknadsfrist framfor nytt skuleår er 1. april.

Morgontilbodet er ope frå kl. 07.00 - 08.00.  For at ein skule skal kunna gi dette tilbodet må det vera påmeldt minst 6 deltakarar.

Skulefritidsordning etter skuletid varer frå skuledagen er slutt  og fram til kl. 15.30 kvar dag. Det er mulig å melda seg på faste enkeltdagar gjennom veka. Ein kan melde på for 3 dagar (60%) eller 5 dagar (100%). Desse må vera dei same kvar veke.

Ordninga følgjer skuleruta, men med tillegg av tilbod i haust- og vinterferie.

Ved lågt deltakartal kan det bli eit samarbeid om tilbodet i haust - og vinterferien mellom fleire skular.

I tillegg tilbyr kommunen sommar-SFO i feriane. Skjema fås ved henvendelse til skulane. 
 

Skyssreglar etter lov om grunnskulen gjeld ikkje for skulefritidsordninga.

Betalingssatsane vert fastsett av kommunestyret  i desember  kvart år i samband med behandling av økonomiplanen.

Dersom ein i ettertid kjem til at dei vil seia frå seg plassen i skulefritidsordninga eller endra bestillinga si, gjeld ei oppseiingsfrist på 3 månader. Om føresette tar barnet ut av ordninga  i oppseiingsperioden, så må ein likevel betale for plassen.

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Sauda kommune

Rådhusgata 32
Postboks 44
4201 Sauda
E-post : post@sauda.kommune.no
Telefon
: 52 78 62 00

Faks
: 52 78 39 68
Org.nr.
: 964979367
Kontonr.
: 3520.62.17705
Kommunenr.
: 1135

Kontakt

Jakob Svandal
Jakob Svandal
$(TITTEL)
52 78 62 32