Sauda Vaksenopplæring

Det blir oppstart av nye norskkurs mandag 16.01.17.

Innskriving / påmelding / informasjon for interesserte onsdag 11.01.17 mellom kl. 13.00 og 15.00 på Sauda Vidaregåande skule.

 

Info om samfunnskunnskapsprøve

 

Sauda Vaksenopplæring gjennomfører godkjente norskprøver på nivå A1 til B2. I tillegg kan man ta samfunnskunnskapsprøven og den nye statsborgerprøven her. Neste prøveperiode er 22.05-07.06.17. Se Kompetanse Norge eller ta kontakt på tlf 97151982 for mer informasjon.

 

Norskopplæring med samfunnskunnskap for framandspråklege

Sauda Kommune tilbyr vaksne innvandrerar norskopplæring som set dei i stand til å bruka eller bygga vidare på sin eigne kompetanse i utdanning, i arbeid og i samfunnslivet for øvrig. Målet med den grunnleggjande opplæringa er å få deltakerane opp på det nivået i norskferdigheiter som føl måla i Opplæringsplanen i norsk med samfunnskunnskap for voksne innvandrerar, og som blir måla gjennom Språkprøven i norsk for framandspråklege vaksne.

 

Kven får tenesta?


Innvandrerar over 16 år som:

  • har status som flyktningar
  • har opphaldsløyve
  • er innvandrerar i Noreg

 

Kva omfattar tenesta?


Undervisning på dagtid. Elevar blir organisert i grupper ut frå norsknivå og tidlegare skulegang. Kvar gruppe arbeidar mot Språkprøven i norsk for framandspråklege vaksne og Samfunnskunnskapsprøven.
Elevene føl anten A-løp eller B-løp.

Norskkurs A-løp


Vaksne innvandrerar som har meir enn tilsvarande norsk grunnskule frå heimlandet sitt, har rett til gratis undervisning på 850 timar.
 

Norskkurs B-løp
 

Vaksne innvandrerar som har mindre enn tilsvarande norsk grunnskule frå heimlandet sitt, har rett til gratis undervisning opptil 3000 timar. Ved familiegjenforening i Noreg, blir same tilbod gitt til det familiemedlemmet som blir gjenforent.

 

Pris/Gebyr
 

For dei gruppene som ikkje har rett til gratis opplæring, er det knytta kostnadar til opplæringa i henhald til fastsette prisar.
 

Grunnskuleopplæring for vaksne 


Sauda ungdomsskule skal, på vegne av Sauda kommune, gi grunnskuleopplæring til vaksne.
Lovane som regulerer dette er Opplæringslova § 4A-1 og § 4A-2.



Opplæringslova §4A-1, Rett til grunnskuleopplæring


“Rett til grunnskuleopplæring for vaksne. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte. Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis”.

Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1.



Retten vil gjelde:


• Vaksne som ikkje har fullført grunnskule.
• Vaksne som har fullført grunnskule, men likevel treng meir grunnskuleopplæring.

Retten gjeld til vanleg faga norsk, matematikk, engelsk, natur- og miljø for fullført grunnskuleopplæring.
Retten gjeld både norske statsborgarar og vaksne innvandrarar som har lovleg opphald i Noreg.
Søkar må ha norskkunnskaper som svarer til norskprøve 2.

Søknad og kartlegging:
Ved inntak vil kvar enkelt søkar bli kartlagt for å klargjere om han/ho treng opplæring i heile utdanningsløpet eller berre i delar av dette.

 

Spesialundervisning for vaksne: 

 
Sauda ungdomsskule tilbyr undervisning for personar som etter lov har rett på spesialundervisning.



Opplæringslova §4A-2, Rett til spesialundervisning på grunnskulen sitt område


”Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halda ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring”.

 

Rett til spesialundervisning på grunnskulens område


Etter sakkyndig vurdering vil vaksne som ikkje har, eller ikkje kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, kunne ha rett til spesialundervisning på grunnskulens område etter opplæringslovens § 4A-2. Retten gjeld også vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halda ved like grunnleggande ferdigheter.



Aktuelle grupper kan være:



• vaksne med generelle lærevanskar
• vaksne med lese- og skrivevanskar
• vaksne med hørselsvanskar
• vaksne med synsvanskar
• vaksne med ervervet skade etter sykdom eller ulykker
• vaksne med psykiske lidingar
• vaksne som treng opplæring i grunnleggende ferdigheter

Opplæring og undervisningsmateriell er gratis. 

 

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Lars Terje Sandvik
Rådhusgata 47 Postboks 44
4201 Sauda
E-post : larsterje.sandvik@sauda.kommun..
Telefon
: 52786350

Org.nr.
: 964 979 367
Kommunenr.
: 1135

Kontakt

Lars Terje Sandvik
Lars Terje Sandvik
Lærer
52 78 88 80