Barnehagemiljø

Barnehagemiljø

Alle barn skal både ha eit godt og eit trygt miljø i barnehagen.

Barnehage og grunnskule i Sauda har ein felles rettleiar for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Denne planen er dei tilsette sitt arbeidsverktøy.  

Informasjon til føresette om arbeidet: 

Førebyggjande arbeid
  • Dei viktigaste grep for eit trygt og godt barnehagemiljø blir gjort i det daglege arbeidet, i kontakten mellom dei vaksne og barna.
  • Livsmeistring og helse er del av barnehagens verdigrunnlag, jmfr. rammeplan for barnehagen-
Uro for barnehagemiljøet til ditt barn?

Ta snarast kontakt med pedagog, eller ein av dei andre tilsette, og meld frå om di uro.

Uro for miljøet på ein avdeling eller miljøet i barnehagen?

Ta snarast kontakt med pedagog, eller andre tilsette, og del di uro.

Du kan også ta kontakt med foreldrerepresentant i samarbeidsutvalet (SU).

Kva skjer når du har meldt frå om uro for barnehagemiljøet?
  • Barnehagen har ei aktivitetsplikt når nokon melder frå om uro for barnehagemiljøet. 
  • Den tilsette varslar styrar om saka.
  • Innan ei veke vil barnehagen ta kontakt med føresette for samtykke, og det vil bli oppretta ein skriftleg aktivitetsplan. Aktivitetsplanen skal bli laga og gjennomført i dialog med barn og føresette. Aktivitetsplanen blir lagra i barnet si mappe som dokumentasjon.
  • Det kan også bli laga ein aktivitetsplan for ein avdeling, eller ei gruppe. Gjeld aktivitetsplanen ein avdeling, eller ei gruppe, skal desse bli involvert og informert i arbeidet med å utforma og gjennomføra aktivitetsplan. Aktivitetsplanen blir lagra i ei mappe for avdelingen.
  • Aktivitetsplanen skal innehalde:
  1. Kva problem tiltaka skal løysa.
  2. Kva tiltak barnehagen har planlagt.
  3. Når tiltaka skal bli gjennomført.
  4. Kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka.
  5. Når tiltaka skal bli evaluert.
  • I evalueringsmøte er det føresette og barn som avgjer om uro for barnehagemiljøet er redusert og/eller fjerna. 
     
Barnehagen sitt ansvar for å sikra eit trygt og godt miljø
  • Barnehagane har eit ansvar for å ha oversikt og kontroll med korleis miljøet til barna er. Det skjer for det meste gjennom daglege observasjonar, men også gjennom lokale undersøkingar eller observasjonar.
  • Barnehagane har ei aktivitetsplikt med krav til aktivitetsplan, om dei sjølv har ei uro for miljøet til eit eller fleire av barna. Det same gjeld om utfordringar blir avdekka gjennom undersøkingar.
     
Skjerpa aktivitetsplikt om vaksne krenkjar barn
  • Gjeld uro for barnehagemiljøet tilsette som gjennom munnleg språk, kroppsspråk eller haldningar opplevast krenkjande, skal du snarast ta kontakt med styrar i barnehagen.
  • Gjeld uroa styrar ved barnehagen sine handlingar eller haldningar, skal du ta kontakt med kommunalsjef.
  • Tilsette ved barnehagen har varslingsplikt om dei opplever eigne kollegaer opptrer på ein krenkjande måte overfor barna.
  • Styrar skal varsla kommunalsjef om det blir meldt frå om tilsette som blir opplevd krenkjande.
  • Undersøkingar og tiltak skal setjast i gong straks ved slike saker.
Ikkje nøgd med barnehagen si handtering av saka?

Opplever du at saka di ikkje blir tatt på alvor av styrar, kan du melda saka di til kommunalsjef. 

Du må har vore i kontakt med styrar i barnehagen først, og prøvd å løysa saka via dialog.