Barnehagens innholdLytt til tekstenStopp avspilling Barnehagens innhold Rammeplan for barnehage Rammeplan for barnehage styrer innhald i barnehagen. Kvar barnehage har sin årsplan som fortel om deira satsingar og prioriteringar. Årsplanen finn du på barnehagen sine sider: Utvikling av innhaldet i barnehagane Alle barnehagane deltek i den nasjonale kompetansestrategien med namn "ReKomp." (Regional kompetanseutvikling.) Overordna for alt utviklingsarbeid i barnehagar og skular i Sauda er målsettinga om å gi barn og unge ei oppleving av å vera personleg, sosialt og læringsmessig inkludert i tilbodet. Ut frå denne overordna målsettinga, kartlegg barnehagane eige utviklingsbehov. Kompetansestrategien er å sjå som eit "småforbetringsarbeid." Ein kan ikkje bli god på alle område på ein gong, men vidareutvikla seg steg for steg på vegen mot det overordna målet. Kompetanseutviklinga skal skje i eit partnarskap med høgskolen Vestlandet, slik at barnehagane får tilgang til oppdatert forskingsbasert kompetanse, og høgskulane får tilgang til erfaringsbasert kompetanse. Kommunikasjon og dokumentasjon Alle barnehagane brukar ei digital kommunikasjonsløysing i dialog med føresette. Denne løysinga har ein funksjon kalla "Min dagbok." Via denne får føresette med jamne mellomrom informasjon, bilete og meldingar om kvardagen til barna i barnehagen. Publisert avSolfrid Løvbrekke Handeland Publisert23.11.2020 08.35