Kommunalt foreldreutval for barnehage og grunnskule
Sauda kommune har eit kommunalt foreldreutval med ein representant frå kvar barnehage og grunnskule. Til vanleg er det leiarar i FAU (skule) og foreldrerepresentant i SU (barnehage) som deltek i forumet.
Føremålet til utvalet er å fremja fellesinteresser til føresette i Sauda kommune, og å byggja ein kollektiv foreldrekultur.
Utvalet er ein viktig bidragsytar for kvalitetsutvikling i barnehage og grunnskule.
Pedagogisk rettleiar koordinerer utvalet sitt arbeid.
I dagligtale forkortar me namnet til KFU-O, kommunalt foreldreutval for oppvekst.